VIDARE: Begge jentelaga til Kaupanger IL er vidare i Dana Cup. Det same er også ÅTIL sitt gutelag. Foto: Privat.
VIDARE: Begge jentelaga til Kaupanger IL er vidare i Dana Cup. Det same er også ÅTIL sitt gutelag. Foto: Privat.

Dei held det gåande i Danmark

Medan J19-laget til Kaupanger IL gjekk på eit surt tap, er 16-åringane framleis med. Heller ikkje gutelaget til ÅTIL tok seg vidare.

Årdal: Både jentelaga til Kaupanger IL og gutelaget til Årdalstangen IL har gjort det svært godt på fotballbana i Danmark så langt.

Etter ein pangstart i gruppespelet med solide målforskjell og knapt mål imot, gjekk samtlege lag vidare som gruppevinnarar til A-sluttspelet.

Frå første runde gjekk alle lag vidare torsdag ettermiddag. ÅTIL slo Jerv 3-1, medan Kaupanger J19 slo Fana 7-0. Kaupanger J16 måtte ut i straffekonkurranse mot Horsens frå Danmark, men tok seg vidare.

– Me har ikkje sluppe inn mål enno og er solide offensivt uansett kven me har møtt. På J19 har me dominert alt, medan det har vore litt jamnare kampar for J16. Begge laga er vidare, så me er veldig nøgde, sa KIL-trenar Øystein Lindesteg Rinde etter desse kampane.

Seinare same kveld sa det derimot stopp for to av laga. Omsider kom turneringas første baklengs for J19, som tapte berre for det eine målet mot Lyngdal.

Også for ÅTIL sa det stopp torsdag kveld. Årdølene fekk keeperen utvist og måtte spele med ti mann. Då vart det rett og slett for tøft mot Holmen som vann 2-0.

J16-laget til Kaupanger derimot held framleis koken. Dei slo ut Trollhättan i åttedelsfinalen med sifra 4-0.

Til toppen