AVTALE: Fleire samanfallande målsetjingar og ansvarsområde gjer at Sogn og Fjordane fylkeskommune og Fylkesmannen i fylket har fornya samarbeidsavtalen mellom organisasjonane. Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Dei held fram det gode samarbeidet

Fleire samanfallande målsetjingar og ansvarsområde gjer at Sogn og Fjordane fylkeskommune og Fylkesmannen i fylket har fornya samarbeidsavtalen mellom organisasjonane.

Leikanger: Det fortel Sogn og Fjordane fylkeskommune i ei pressemelding måndag. 

Den øvste leiinga i desse to organisasjonane møtest jamleg, og kontakten er avtalefesta i ein samarbeidsavtale. Avtalen vart signert 31. mars av fylkesordførar Jenny Følling og fylkesmann Anne-Karin Hamre.

Bakgrunnen er at ein ser nytten i å kunne koordinere arbeidet på fleire felt. Avtalen vil sikre best mogleg samhandling for å nå overordna mål og gjensidig utnytting av felles ressursar og kompetanse.

Det er samarbeidet om strategiske problemstillingar knytt til ulike tema og fagområde som vil bli drøfta. Avtalen erstattar tidlegare samarbeidsavtale og gjeld fram til 1. januar 2019.

Til toppen