FRIVILLIG TRIO: Orlaug Kvåle, Frøydis Skjeldestad og Olbjørg Tufte står på for Røde Kors. Her på frivilligdagen i Sogndal i helga.
FRIVILLIG TRIO: Orlaug Kvåle, Frøydis Skjeldestad og Olbjørg Tufte står på for Røde Kors. Her på frivilligdagen i Sogndal i helga. (Bilde: Halvor Farsund Storvik)

Dei kan ikkje sjå for seg bygda utan frivilligheit

Vi snakka med fem eldsjeler på frivilligdagen i Sogndal, som alle meiner at frivillig arbeid er sjølve limet som held små samfunn saman.

Sogndal: Tommy Harjo, leiar i langrennsgruppa i Sogndal idrettslag, seier at folk er flinke å stille opp når dei blir spurde. 

– Enkelte stiller opp før du spør òg, seier han.

– Vi er ein rein dugnadsdriven organisasjon som stort sett alle andre her i bygda, så du er heilt fullstendig avhengig av dei frivillige.

REIN DUGNAD: Breddeidretten er eit godt eksempel på ein aktivitet som ikkje kunne eksistert utan dei frivllige. Tommy Harjo er leiar i langrennsgruppa i Sogndal idrettslag.
REIN DUGNAD: Breddeidretten er eit godt eksempel på ein aktivitet som ikkje kunne eksistert utan dei frivllige. Tommy Harjo er leiar i langrennsgruppa i Sogndal idrettslag.

Frå ungdomslaget til pensjonistlaget

Han meiner spesielt småkommuner som Sogndal er heilt avhengige av at folk er villige til å ofre fritida si for andre. Ei bygd utan frivillig arbeid tør han ikkje førestille seg ein gong.

– Det hadde vore frykteleg daudt, trist og kjedeleg. Det hadde ikkje vore noko som helst, seier han.

For Dagfinn Tufte frå Lærdal starta det i ungdomslaget, no har han teke med seg sin frivillige innsats til pensjonistlaget. NAF har han engasjert seg for i nærare tretti år.

INNSATS FOR ANDRE: Dagfinn Tufte og Per Årethun sørger for at òg NAF var synlege på frivilligdagen.
INNSATS FOR ANDRE: Dagfinn Tufte og Per Årethun sørger for at òg NAF var synlege på frivilligdagen.

– Det har betydd mykje for meg opp gjennom tidene, det å gjere ein innsats og få andre til å gjere ein innsats, seier han.

Han tykkjer folk er flinke til å stille opp, med eitt unnatak:

Få tek leiarverv

– Me slit i frivilligheiten med at ingen torer å ta imot val. Det er bortimot livsfarleg å bli vald til noko. Kotrleis skal du då få org til å fungere, utan at nokon sit i styret, spør han retorisk.

Marte Kviberg sit i styret til Sogndal Turlag og meiner det nærast er ei borgarplikt å bidra frivillig når du bur på ein liten plass.

– Det er nesten nødvendig for å få ting til å skje. Du ser berre kor mykje folk som kjem på ein dag som denne, seier Kviberg.

Marte Kviberg
Marte Kviberg

Ahed Marita serverte smakebitar frå Syria på frivilligdagen. Ho seier det ikkje er uvanleg å i heimlandet.

– Det er ein bra aktivitet for alle menneske, om det er å lage mat for andre, eller å hjelpe dei gamle, seier ho.

– Du får ei god kjensle

Olbjørg Tufte har engasjert seg gjennom Røde Kors. Det meiner ho at ho får mykje att for.

– Det betyr mykje for meg at eg kan bruka meg sjølv ute blant eldre, som er der eg føler eg har mest å gje. Gleda når me kjem til besøk til dei gjer at du får ei god kjensle, seier ho.

Uten frivillige hadde ikkje livet vore det same, meiner ho

– Eg trur det hadde vore snåte, seier Tufte.

SMAKFULL INNSATS: Denne gjengen serverte mat frå Syria. Ahed Marita til venstre.
SMAKFULL INNSATS: Denne gjengen serverte mat frå Syria. Ahed Marita til venstre.
Til toppen