SPELENTUSIASTAR: Dei er erfarne spelmeldarar frå Frankrike, og når hundretusenar med videoane dei legg ut på YouTube. Torsdag var Julien Chièze og Carole Quintaine i Gudvangen for å få med seg lanseringa av eit nytt vikingspel til PlayStation.
SPELENTUSIASTAR: Dei er erfarne spelmeldarar frå Frankrike, og når hundretusenar med videoane dei legg ut på YouTube. Torsdag var Julien Chièze og Carole Quintaine i Gudvangen for å få med seg lanseringa av eit nytt vikingspel til PlayStation. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Spelentusiastar frå halve kloden lokka til PlayStation-lansering i Gudvangen

Julien Chièze og Carole Quintaine var blant eit hundretals pressefolk og spelentusiastar som torsdag var inviterte til Gudvangen. For å spela eit blodferskt vikingspel i autentiske rammer.

Gudvangen: Eit vikingskip legg til kai i Gudvangen. I land trakkar ei gruppe handplukka gjester til den internasjonale lanseringa av eit nytt storspel til PlayStation 4.

Om lanseringa lokka dei hit, verkar turen på fjorden å ha gjort minst like stort inntrykk.

– Landskapet her er berre heilt fantastisk. Eg skulle ønskt tåka hadde letta litt, så me hadde sett litt meir av fjella, men det var ei oppleving, seier Julien Chièze frå Paris, som lagar spelvideoar på YouTube.

Han var ein av over hundre journalistar, spelbloggarar og YouTubarar frå tjue land som torsdag var invitert hit til Gudvangen for å få eit eksklusivt snikblikk på det etterlengta spelet God of War, det åttande i rekka.

Denne gongen utgjer den norrøne mytologien bakteppet for historia, medan dei føregåande sju spela i serien var basert på den greske.

AUTENTISK: Dei som trengde ei lita pause frå spelinga, kunne få seg ein liten rundtur på Nærøyfjorden. Foto: Halvor Farsund Storvik

Verdspremiere i høvdinghallen

Og her ligg mykje av grunnen til at Gudvangen, av alle plassar i verda, vart valt då PlayStation skulle gjera kur til spelbloggarane.

Inst i Nærøyfjorden opna dei i fjor portane til den splitter nye vikinglandsbyen Njardarheimr. Perfekte rammar for eit spel om norrøne gudar.

I den autentiske høvdingehallen sit dei tett i tett i bekmørkre. Tjueto flatskjermar er det einaste som lyser opp. Dette er den eigentlege grunnen til at dei kom hit. Som dei første i verda skal dei få eit snikblikk på ein oppfølgar mange har venta på.

– Eg må innrømma at eg ikkje har vore ein stor fan av God of War-sagaen. Grafikken har vore imponerande, men sjølve spelinga har vore basert på mykje vill tasting. Denne gongen verkar dei å ha ei sterkare historie og meir interessante karakterar, noko som for meg personleg er det viktigaste, seier Chièze, etter å ha prøvd det i fire timar.

EINASTE NORDMANN: Blant eit hundretals utanlandske gjester, var YouTubar-Christoffer Mathisen (til venstre) einaste nordmann. Her testar han øksekasting. Foto: Halvor Farsund Storvik

Løyndomsfull lansering

Til dei 125.000 YouTube-abonnentane er det likevel lite han får lov til å avsløra. Å ta bilete eller video av spelinga er strengt forbode. Dette arrangementet er nemleg berre for å bygga opp forventningar. Den verkelege lanseringa skjer først 20. april.

Fram til då er det meste hemmeleg.

– Det er heilt vanleg før store spel skal sleppast. Dei er redde for at noko skal bli avslørt, seier Silje Grønby, PR-konsulent for PlayStation Norge.

Christoffer «Kattekryp» Mathisen har nesten 50.000 abonnentar på YouTube. Til Gudvangen var han invitert som einaste nordmann. Han òg fekk merka det strenge regimet. 

– Akkurat no får eg berre fokusera på alt som skjer rundt her i vikinglandsbyen, at du får kasta øks og slike ting, og at det skjer i samband med lansering av spelet. Så er det vel dèt eg har lov til å seia, seier Mathisen.

Akkurat dèt passar vikingane i Gudvangen heilt fint. Desto meir merksemd til landsbyen, Nærøyfjorden og dei snøkledde fjelltoppane utanfor portane.

– Eg mistenkjer at det vil sirkulera nokre videoar frå dette her rundt omkring på nettet. Dette gjer at me vil nå ut til ei heilt ny gruppe personar, seier Frude Tufte i Gudvangen Utvikling.

 STOLTE: Frode Tufte og Georg Olafr Reydarsson Hansen var stolte vertar for det internasjonale presseoppbodet. Foto: Halvor Farsund Storvik

Regissøren: – Skulle ønskje eg kom hit før

Vanlegvis får han mykje merksemd der han går kledd i full vikingmundur. Denne dagen var det derimot ein annan mann alle ville snakka med.

– Eg skulle ønskje eg hadde kome her tidlegare, for dette er verkeleg inspirerande, seier Cory Barlog, mannen bak det nye God of War-spelet.

Sjølv BBC måtte stå i kø for å få audiens hos den kjende spelregissøren. Men mellom blåsa i ein av røykepausane rakk han å skryta litt av ramma rundt førlanseringa.

– Når du lagar spel, så gjer du det meste av researchen gjennom bøker, seriar og ting du finn på nettet. Så det er fantastisk å faktisk få vera her og oppleva stemninga, seier han.

FØRSTE MØTE: Spelregissør Cory Barlog var glad for å få besøka ein «ekte» vikinglandsby, etter å ha lest seg opp på norrønsk mytologi i bøker då han laga spelet. Foto: Halvor Farsund Storvik

– Vikingar er i vinden så det ljomar

Målet med dagen er å skapa blest rundt lanseringa av spelet, men regissøren trur òg mange i miljøet vil bli nysgjerrige på kvar i all verda det føregjekk.

– Eg håpar dei ser dette og får lyst til å komma hit. Kona mi var veldig misunneleg då ho fekk høyra kor eg skulle, så eg kjem definitivt til å reisa tilbake med familien, seier Barlog.

Tufte i Gudvangen Utvikling er i ekstaste over å få ein internasjonal gigant som PlayStation på besøk.

– Vikingar er i vinden så det ljomar. Og det blir ikkje noko mindre av dette, seier Tufte.

At eit hundretals spelentusiastar har blitt lokka med gir ei eksponering vikingane i Gudvangen berre kunne drøyma om. Han trur det kan skapa ringverknader, òg for den mykje omtala vintersatsinga i regionen.

– Me har verkeleg gudane med oss i dag. Folk går rundt med tårer i augo og lurer på korleis det går an å ta magien frå spelet og omsetta det til røyndom. Eg trur det betyr veldig mykje for regionen å visa dette fram, seier Tufte.

Til toppen