DYR GLEDE: Litt ekstra skyvekraft frå eit batteri, kan gjere sykkelen til eit langt meir fristande framkomstmiddel. Men det kostar.
DYR GLEDE: Litt ekstra skyvekraft frå eit batteri, kan gjere sykkelen til eit langt meir fristande framkomstmiddel. Men det kostar. (Bilde: Berit Roald)

Dei krev ein milliard i elsykkelstøtte og at bygdafolket bør få mest

Ein statleg milliard kan få fleire til å sykla, trur Syklistenes Landsforening

NPK: – I byen bør alle som kjøper elsykkel, få 25 prosent i subsidiar. I distrikta bør tilskotet vere høgare, til dømes halvparten av kjøpesummen, seier Lars Heskje i lokallaget til Syklistenes Landsforening på Jæren til NRK.

Det er nemleg langt igjen til Vegesenets mål om at åtte prosent av alle reiser innan 2023 skal skje på sykkel. I 2013/2014 var den prosentdelen berre 4,5, ifølgje den siste reisevaneundersøkinga til Transportøkonomisk Institutt. Folk syklar meir enn dette i byane, men mindre på bygda.

Syklistforeininga meiner Noreg no bør ta etter Sverige, som har sett av vel éin milliard svenske kroner til elsykkelstøtte i perioden 2018–2020.

Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) meiner at nordmenn ikkje treng støtte til å kjøpe elsyklar. Vi kjøper dei sjølv om dei er dyre.

– Salet har dobla seg kvart år dei siste åra, seier Solvik-Olsen, som heller vil bruke pengane til andre føremål, til dømes sykkelvegar.

Til toppen