(Bilde:  Snorre Sandemose)
(Bilde:  )
(Bilde:  )
(Bilde:  )
(Bilde:  )
(Bilde:  )
(Bilde:  )
(Bilde:  )

Dei avslutta årets juleturné med konsert i Årdal

Den gode responsen frå årdølene i fjor gjorde at gjengen bak julesongkonsertane ville runda av turnèen i bygda i år òg.

Årdal: – Det var heilt fantastisk i fjor, for då avslutta me turnéen i Årdal og med skikkeleg god respons frå publikum. Då bestemte me med ein gong at me har lyst til å avslutta i Årdal til neste år òg. 

NØGDE OG GLADE ETTER KONSERTEN: F.v Bjørn Tore Årøy, synth, Inge Ronny Kvåle, strenginstrument, Trond Øyre, lyd, Kristian Lien, lydassistent, atten år gamle Gjest Ingeson Kvåle, gitar, 16 år gamle Gunn Marit Kvåle, song, og Einar Bolstad. Kari Malmanger og kontrabasspelaren John Børge Askeland var like i nærleiken då biletet vart teke.
NØGDE OG GLADE ETTER KONSERTEN: F.v Bjørn Tore Årøy, synth, Inge Ronny Kvåle, strenginstrument, Trond Øyre, lyd, Kristian Lien, lydassistent, atten år gamle Gjest Ingeson Kvåle, gitar, 16 år gamle Gunn Marit Kvåle, song, og Einar Bolstad. Kari Malmanger og kontrabasspelaren John Børge Askeland var like i nærleiken då biletet vart teke. Bilde:Snorre Sandemose 

– Kan de lova at de kjem att ogso til neste år?

– Ja, det trur eg me kan, med den responsen som har vore her, sa gitarist og multiinstrumentalist Inge Ronny Kvåle til Porten.no litt før konserten var i gong. 

Rørt publikum

Steinar Lægreid likte spennvidda i musikken som vart spela.

– Dei fine ord som vart sagt mellom sangane trekk òg opp. Alt vart til ein heilskap og var vove so fint saman, seier Lægreid. 

KOM I SÆL JULESTEMNING: F.v. Bjørn Årebru, Else Marie Årebru og Steinar Lægreid
KOM I SÆL JULESTEMNING: F.v. Bjørn Årebru, Else Marie Årebru og Steinar Lægreid Bilde:Snorre Sandemose 

– Me fylgjer vår eigen smak når me set saman songprogrammet, so då er det kjekt at det er fleire som likar det òg, seier Kari Malmanger, ein av dei tre solistane under julekonserten.  

Publikummar Bjørn Årebru skrytte av forteljarevna til Kari Malmanger.

Han lét seg riva med av korleis songane til tider glei saman tematisk, medan det andre gonger var kontrastar.

Til dømes var det reiser frå oldtid til notid. Årebru tykte Malmanger sytte for at alle var med på reisa heile tida, med velvalde ord mellom songane. 

– Det var kjempebra, dei var so proffe. Det var so vakkert då dei song Panis angelicus. Då rann tårene. Ja, eg snufsa litt då, seier Bjørn Årebru. 

Det gjorde godt å koma i slik julestemning. 

– Ære vere dei som står bak og har ordna med at me fekk denne konserten, seier Steinar Lægreid. 

Han fortel at det var so herleg og sælt å sitja der i salen og koma i julestemning. Og at han vart so avslappa då han sat og lytta og såg, og at det gjorde veldig godt. 

SANG «O HELGA NATT»: – Ja, han overgår mange av dei proffaste songarene i landet. Det var berre heilt fenomenalt når han song  O helga natt,  sa Bjørn  Årebru etter konserten. 
SANG «O HELGA NATT»: – Ja, han overgår mange av dei proffaste songarene i landet. Det var berre heilt fenomenalt når han song O helga natt, sa Bjørn  Årebru etter konserten.  Bilde:Snorre Sandemose 

Musikarane hadde ikkje berre tenkt ut kva for songar dei skulle spela for å få folk i jolestemning.

Saman med lydkarane Trond Øyre og Kristian Lien hadde dei pynta scena stemningsfullt med bjørketre og levande lys i lanterner. 

Til liks med samansetninga av songar, hadde dei òg skapt scenepynten i fellesskap.

 – Slik fungerer heile prosjektet, alle får koma med sitt. Og so har me tenkt på det at folk har lyst til å koma i julestemning no i førjulstida. Me vil fôra denne førjulskjensla, seier Kvåle.  

Då ekteparet Årebru og Steinar Lægreid gav seg til å forlate kulturhuset, sa Else Marie Årebru smilande til sist: 

– No går me heim med ei god kjensle av at snart er det jul. 

Til toppen