MÅ REISE: For ikkje å bli kasta ut med tvang må Marija Mudronja og Sladjana Perazic reise frå Noreg måndag. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
MÅ REISE: For ikkje å bli kasta ut med tvang må Marija Mudronja og Sladjana Perazic reise frå Noreg måndag. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Dei må reise frå Noreg måndag

Måndag må dei to montenegrinske handballspelarane til Jotun reise frå landet. 

Fire vekers handsamingstid hos Utlendingsdirektoratet (UDI) gjekk ut torsdag. For ikkje å risikere å bli kasta ut med tvang må Marija Mudronja (31) og Sladjana Perazic (19) reise på eige hand måndag, fortel sportsleg leiar i Jotun Torstein Kvam til Porten.no.

Opp til UNE

Etter at UDI har sett på saka enda ei gong, fekk Kvam fredag føremiddag epost frå UDI, som slår fast at Utlendingsnemnda (UNE) står for klagebehandlling av slike saker. Det blir opp til UNE å gjera ei ny vurdering. Det kan ta kring 3 til 4 månader, og jentene får ikkje vera her i mellomtida. 

Forsterkar laget

Jotun ligg no i 2. divisjon, men har i fleire år liggi på vippen til 1. divisjon. Mudronja og Perazic er bydd profesjonell kontrakt hos Jotun som spelarar i 2. divisjon, men UDI reknar berre 1. divisjon som gyldig grunn opphald. 

– Me har sendt brev til UDI der me skriv at spelarane er ei forsterking for laget, og gjer at Jotun har moglegheit til å koma opp att i 1. divisjon. Det har også Handballforbundet bekrefta,  fortel Kvam. 

Han skildrar byråkratiet og reglane som tunggrodde.

Håpar på ein annan konkusjon

– Eg skal høyre no om å få nokre dagar ekstra før dei må reise. Eg håpar UNE kjem til ein anna konklusjon enn UDI, men me veit ikkje noko eksakt, seier Kvam som har jobba aktivt med saka i tre månader. 

Har lært

Kvam blir overlykkeleg om spelarane får bli og UNE kjem til ein annan konklusjon enn UDI. Han innrømmer at det har vore stritt å jobbe med saka. 

– Hadde me visst desse reglane frå starten, hadde me nok ikkje fått inn spelarar frå utlandet. Me må i alle fall ha inn nye spelarar, det er ei stor belastning for stallen slik høva er no, seier han. 

Vore i tre månader

Det er tre månader sidan spelarane kom til Årdal og Jotun. På denne tida har dei trena og vore med på ei treningsturnering, men ikkje fått delta på kampar. 

Mudronja har spelt i elitedivisjonen i Kroatia og Serbia, medan Perazic har vore innom juniorlandslaga i Montenegro.

Til toppen