SKEPTISKE TIL FLYTTING: Yngve Hallén i Sogndal Fotball og senterleiare Wilhelm Tangerud ser helst at studenthuset Meieriet blir verande i sentrum.
SKEPTISKE TIL FLYTTING: Yngve Hallén i Sogndal Fotball og senterleiare Wilhelm Tangerud ser helst at studenthuset Meieriet blir verande i sentrum.

Dei meiner studenthuset bør vere i sentrum

Fryktar svekking av sentrum dersom studentane forsvinn.

Sogndal: Planane om å flytte studenthuset Meieriet til Fosshaugane Campus har vore ute på høyring. Yngve Hallén i Sogndal Fotball og senterleiar Wilhelm Tangerud på Amfi Sogningen er blant dei som er skeptiske.

– Vi har vore tydelege heile vegen på at vi er imot studenthus på Campus. Hovudgrunnen er at vi trur det vil svekke sentrum, seier Hallén.

Les også: Her kjem det nye studenthuset i Sogndal​
Les også: Dette meiner studentane om nye Meieriet

OMSTRIDD: Planane om å byggje nytt studenthus på Campus møter lokal motstand. Samstundes verkar den nye studentsamskipnaden mindre entusiastisk til ei slik løysing enn før samanslåinga.
OMSTRIDD: Planane om å byggje nytt studenthus på Campus møter lokal motstand. Samstundes verkar den nye studentsamskipnaden mindre entusiastisk til ei slik løysing enn før samanslåinga.

Rett ting på rett plass

Senterleiar Wilhelm Tangerud er einig. Han fryktar at Sogndalsfjøra skal bli tappa for liv dersom studentane forsvinn. 

– Kafe Krydder er eit fantastisk eksempel, med parken rundt, studentar som ligg i graset og les og snakkar saman, det er grilling, kos og god stemning frå kaia og heilt opp til senteret. Dei har utruleg mykje å seie for eit levande og vaksande sentrum, seier han. 

Dei meiner det er viktig å oppretthalde «arbeidsdelinga» som har vore mellom dei to tyngepunkta i bygda.

– Eit studenthus og detaljhandel, som butikkar og slikt, gir best synergiar ved at dei ligg i sentrum. Å spreie det rundt vil ikkje vere teneleg, verken for miljøet eller sosialt, seier Yngve Hallén.

– Ølservering og konsertlokale blir mykje meir riktig å ha i eit sentrum, utfyller senterleiaren.

Opnar for å restaurere Meieriet

Byggjeplanane på Campus vart lagt fram før både høgskulane og studentsamskipnadane slo seg saman. Direktør for Studentsamskipnaden på Vestlandet, Per Kristian Knutsen, seier dei ikkje har låst seg til noko bestemt alternativ. 

– Eit skikkeleg studenthus er ein viktig del av studentmiljøet i Sogndal. Om vi skal byggje nytt eller ruste opp det vi har, så er det noko vi vil sjå på, seier han.

– Det er absolutt eit alternativ at studenthuset vil halde fram å vere i sentrum. Det er ein del klare fordelar med det, slik eg ser det.

Direktøren seier dei ikkje har sett noko dato for når dei må bestemme seg. Men signala han sender blir truleg godt mottekne av dei lokale forkjemparane for sentrumsløysinga. 

– Meieriet har ein sterk identitet som går langt utanfor våre fylkesgrenser. Det er utfordrande å gjenskape noko slikt ein heilt annan plass. Det trur eg studentsamskipnaden er veldig obs på, seier Yngve Hallén.

Til toppen