MEST LEST: Hugsar du desse sakene? Dei er fire av dei 11 mest leste sakene dette året.
MEST LEST: Hugsar du desse sakene? Dei er fire av dei 11 mest leste sakene dette året. (Foto: Arkiv)

Dei mest leste sakene i 2018

Dette er dei 11 mest leste sakene på Porten.no  i år.

Indre Sogn: Monsen - minutt for minutt, steinraset som isolerte Årdal frå omverda og sogningar som sa opp jobben for å starta selskap er alle på lista over dei mest leste sakene på Porten.no dette året. Sjå lista nedanfor. 

 

1. Dei sa opp jobben og satsa sparepengane på eige firma

SATSA: Utan fast jobb, men med eige selskap. Det var den nye kvardagen som møtte Jøger Strand, Olav Vee og Rune Lomheim. Foto: Halvor Farsund Storvik

I april sa Rune Lomheim, Olav Vee og Jøger Strand opp jobben og starta entreprenørfirmaet VLS Maskin. Les meir her.  

2. Kripos får hjelp av Interpol til å samla inn informasjon om arrestert mann i Spania

Ein mann i 50-åra frå Sogn og Fjordane vart sett i arresten på Mallorca i Spania i oktober. Den arresterte mannen var med som følgje for elevar på ein privat russetur. Les meir her

3. Seksten sjåførar frå Litauen var i Norge for å få opplæring av sjefen – så vart dei stogga i kontroll

I april vart ein litauisk buss full av sjåførar på opplæring stogga i Lærdal under ein kontroll. Der viste det seg at alle seksten hadde brote reglane for køyre- og kviletid. Les meir her

4. Han ville bli redningsmannen til Harastølen – flyttar ut etter seks år

Trønderen Kristian Nilssen blei så fascinert av det falleferdige sanatoriet høgt oppi fjellsida i Luster at han selde alt han eigde og flytta dit. Seks år seinare pakka han saman og reiste heim att. Les meir her

5. Fredrik Vee høyrde rummel og brak frå raset då han sat heime i huset på Hæreid

I januar gjekk det eit stort steinras i Årdal. Raset skjedde like etter Finnsåstunnelen, og sperra vegen er fullstendig. 

– Eg sat heime i huset mitt på Hæreid, og høyrde ein kraftig rummel og at det braka. So såg eg ut glaset, og då såg eg ei sværa støvsky som la seg ut etter fjorden og dreiv oppover i lufta. Og eg såg steinar som fór ned i sjøen, sa Fredrik Vee då. Les meir her.

6. Snart kan heile Norge følga Lars Monsen minutt for minutt på fjelltur i Årdal

VITJA ÅRDAL: Lars Monsen - minutt for minutt var innom Utladalen og Svalheim gard i sommar. Foto:  Sunniva Knutsen

I januar vart det kjent at Jotunheimen og Utladalen skulle spela ei av hovudrollene i NRK si nye storsatsing, Monsen – minutt for minutt, der den kjende eventyraren Lars Monsen var programleiar. Les meir her.

7. Tidlegare pelsbonde frå Lærdal: – Dårleg dyrevelferd. Næringa er grådig og kan takka seg sjølv

 Ivar Molde la ned revefarmen sin i Lærdal i 2015. Januar gjorde regjeringa det klart at ingen får driva med pelsfarm i Noreg inn i år 2025. Molde er i mot vedtaket og synest synd på dei som har investert dei siste åra. Samstundes meiner han næringa kan takka seg sjølv. Les meir her

8. Snart er det siste sjanse til å sjå Harastølen frå ei svunnen tid

Jeff Pedersen Produksjonar står bak forestillinga Det Gule Tapetet som skal settast opp i etesalen på Harastølen i sommar. Den fyrste helga i august kan det vera siste sjans folk har til å sjå Harastølen i falleferdig tilstand med mykje historie frå tida som tuberkulose- og psykiatrisk sjukehus i veggane.  Les meir her.

9. For fem år sidan tok Jonny (53) eit val som redda livet hans: – Eg har ikkje rørt alkohol sidan det

STERK HISTORIE: Jonny Gjerde fortalte i september si historie om rusavhengigheit og korleis han klarte å slutta å drikka alkohol. Foto: Linda Watten

Det er fem år sidan Jonny Gjerde nådde botnen, ringde fastlegen sin, og bad om hjelp etter år med alkoholisme. Tida etterpå blei avgjerande for han. Les meir her.

10. Her tek han første prøveturen med den komande attraksjonen i Aurland

– Det blir kjekt å komma i gang. Det skal bli kjekt å prøva ho sjølv, ikkje minst, seier Per Mikkel Dalsbotten, som står bak den luftige satsinga i Aurland, saman med Atle Terum.

Tidleg i august opna dei nordens lengste zipline i Flåmsdalen. Bana er 1381 meter lang, vil få ein høgdeskilnad på 305 meter og ei toppfart på 100 kilometer i timen. Les meir her.

11. Ulukker

Kvart år kjem ulukker, ras, brannar og tragedier høgt på listene over dei mest leste sakene. Diverre har også 2018 bydd på tragiske ulukker. Hadde alle fått kvart sitt punkt, så hadde dei teke opp halve lista. Blant desse er den tragiske hendinga då ein buss køyrde i fjellvegen i Årdal, bilulukka mellom ein brannbil og ein personbil, og saka om ei kvinne som vart meld sakna i Sogndal, som diverre blei funnen omkomen i juni. 

Til toppen