Indre Sogn: I året som har gått har sogningar delteke på ulike realityprogram. I Årdal fekk dei ny ordførar etter 17 år, og på nasjonaldagen gjekk champagnevideoen til årdalsjenta Linn Kristin Strand viralt.
Sjå lista over dei elleve mest leste sakene i 2019 under. Har du fått med deg alle? Om ikkje, får du ein oppfriskar under.
- Les òg: Dei mest leste sakene i 2018
1. Fekk ikkje søkarar - måtte stenga heile stasjonen

Årets desidert mest leste sak var om då Årdal Bilservice AS måtte avvikla drifta av bilverkstaden. Årsaka var at dei ikkje fekk inn ein einaste faglært søkar til å fylla stillinga som mekanikar. Saka fekk heile 29327 klikk. Les meir her.
2. Sogndøl på Farmen

Årets nest mest leste sak var om då det blei kjent at Agna Hollekve frå Sogndal skulle delta på realityprogrammet Farmen. Hollekve kjempa seg til ein respektabel tredjeplass. Les meir her.
3. Årdøl på Ex on the Beach

Den tredje mest leste saka i 2019 handla om at Victoria Hammer frå Årdal skulle delta på realityprogrammet Ex on the Beach, ein serie kjent for å vera drøy. Før serien rulla på skjermen sa ho til Porten.no at ho håpa det ville bli endå drøyare i år.
4. 100-åringen som bygde Årdal

I år reiste vår journalist Halvor Farsund Storvik til Ukraina for å møta 100 år gamle Oleksandr Chalich. Historia hans er heilt spesiell. I 1942 vart han teken til fange av tyskarane, og i 1943 gjekk han i land i Årdal som russarfange. Over tida som krigsfange klarte han å rømma fleire gonger, og vart skoten av ein SS-soldat. Les heile artikkelen her.
5. Ny start etter millionkonkurs

John Ertesvåg hadde bygd opp eit solid firma saman med John Harry Raunehaug gjennom to tiår. Så rasa alt ihop i 2017. Dei var nær personleg konkurs og kreditorane stilte millionkrav. I 2019 har han og partneren starta nytt selskap og gått i pluss med rekneskapen. Les meir her.
6. Champangesprettinga som gjekk viralt

På nasjonaldagen skulle Linn Kristin Strand frå Årdal opna ei champagneflaske med kniv. Det gjekk ikkje heilt etter planen. Ho delte videoen på Instagram, og før det hadde gått eit døgn hadde den blitt sett over ein halv million gonger. Sjå videoen og les saka her.
7. Valvake i Årdal

Under valet 9.september blei det spennande på valvaken i Årdal. Senterpartiet fekk fleirtalet i første teljing og tok leiinga. Etter 68 prosent av røystene var talt gjekk derimot Arbeiderpartiet tilbake i leiinga, og for første gong på 17 år fekk me ordførarskifte. Les meir her.
8. Tippelaget som blei millionærar

I april vart det elleve nye millionærar i Årdal og Lærdal etter at eit tippelag vann 15 millionar kroner. Ein av dei var Malvin Øvstetun. – Det er jo eit lite sjokk, det er slikt som alle går og ventar på, men eg hadde no aldri trudd det skulle skje med meg, sa han. Les meir her.
9. Leiing i ny bankfusjon vekka reaksjonar

Samanslåinga av Indre Sogn Sparebank, Vik Sparebank og Aurland Sparebank til Sogn sparebank vart gjennomført i år. Før fusjonen var kjelder uroa over prosessen, særs fordi ingen i leiarkabalen hadde adresse i Lærdal eller Årdal, dei største marknadane i banken. Les meir her.
10. Salsdirektøren for Quality hotel Sogndal stolt over satsinga

I år opna hotellet på ny, med dobla kapasitet og konferansesenter. Den ferske salsdirektøren, og dottera til hotelldirektør Jørgen Christian Lindstrøm, Marie Elisabeth Lindstrøm, var stolt. – Du skulle liksom tru at med åra så roar ein seg litt ned. Han er motsett, han berre køyrer på. Det er nesten litt vanvittig, men eg har veldig trua på at det han gjer er riktig, seier ho. Les meir her.
11. Skulda VEKAO for å knebla debatt under Joshua French-besøk

Det er sjeldan eit meiningsinnlegg vert så godt motteke. Dette fekk nesten 5000 klikk, og stort engasjement på sosiale medium. I innlegget meinte Elise Lysgård Almås at det var kritikkverdig av VEKAO å invitera Joshua French til talarstolen. – At VEKAO signerer French er ein hån mot det kongolesiske folk, og dei etiske verdiane til studentsamfunnet, skreiv ho. Les meir her.