Årdal: Søndag kveld hadde over hundre sjeler benka seg til konsert i Årdal kyrkje. Inntektene gjekk alle til arbeidet med å få installert ny heis i bedehuset.

– Alle eg spurde sa ja med ein gong, då er det ikkje vanskeleg å vera arrangør, seier Elizabeth Stewart Søvik, som har vore primus motor for konserten.
Dei som stod for dei musikalske innslaga var kantor Freek Ypma, Årdalstangen Musikklag, VDV-koret, Elizabeth Stewart Søvik, Jenny Noren, Vemund Osland, Oddgeir Øren og Årdalskoret med dirigent Bjarne Øren.
Nedst i saka kan du ein liten smakebit frå konserten.

Stor givarvilje
Engasjementet for å få ny heis i kyrkjelydhuset har vore stort. Troppa opp til andreetasje er kronglete, og det har skapt vanskar for dei som treng rullestol, eller som ikkje er heilt stødige til beins.

Prosjektet har vore utsett fleire gonger. I sommar var heisen nær ved å bli ofra til fordel for utkikkspunkt i Vettismorki og teknologipark i Øvre Årdal, men politikarane snudde i siste liten.
Stewart Søvik er imponert over både oppmøtet og givarvilja.
– Det er kjempebra. Det er mange som reiser vekk i helga, eg var sjølv vekke sist helg, men folk som ikkje har kunna møta har betalt inn til kontoen eller vippsa. Så no trur eg alt skal bli bra, seier Søvik.
Bygginga i gang
Etter planen skal bygginga vera ferdig i februar, utan at soknerådet set prestisje i å bli ferdig til rett tid.

– For oss så spelar det ingen rolle om det blir januar, februar eller mars. No har me venta på den heisen i så mange år, at det viktigaste no er at me får heisen og at alt blir ferdig, seier medlem i soknerådet og heisforkjempar Leiv Myklemyr.
Stewart Søvik er glad for at alle som ønskjer snart kan ta kyrkjelydshuset i bruk. Etter alle utsettingane gler ho seg til å sjå det ferdige resultatet.
– Det skal ikkje vera slik at dei som ikkje kan gå opp ei trapp, ikkje skal få koma inn i eit hus. Difor har eg hatt litt sterke kjensler for dette her, men no går det bra, seier ho.
Sjå eitt av dei stemningsfulle innslaga frå konserten her: