FRILUFTSBAD: Dei nye skliene i Øvre Årdal opnar ikkje i sommar.
FRILUFTSBAD: Dei nye skliene i Øvre Årdal opnar ikkje i sommar. (Foto: Sunniva Knutsen)

Dei nye skliene blir ikkje opna i sommar

Rådmannen beklagar for å ha skapt forventningar om at dei kunne brukast i sommar.

Årdal: Den nye vannsklia ved friluftsbassenget i Øvre Årdal vil ikkje bli opna denne sesongen. Forklaringa på dette er at Jernbanetilsynet ikkje har anledning til å godkjenne sklia før bassenget blir stengd ved skulestart. 

Kort om saka:

  • 24. juni: Årdal kommune sende søknadar om godkjenning av dei nye vannskliene i friluftsbassenget i Øvre Årdal til Statens Jernbanetilsyn.
  • 4. august: Kommunen mottok e-post frå Jernbanetilsynet der dei stadfestar at søknadane er mottekne. Jernbanetilsynet skriv vidare i e-posten at oversend dokumentasjon må kompletterast før godkjenning kan gjevast.
  • Sakshandsaminga til Sakshandsamingstida til Statens Jernbanetilsyn er 4 veker. Dette betyr at vannskiene i friluftsbadet i Øvre Årdal dessverre ikkje vert godkjende for bruk i sesongen 2020.
  • Grunnen til at attendemeldinga frå Statens Jernbanetilsyn ikkje kom før 4. august skuldast truleg ferieavvikling.

– I etterpåklokskapens lys ser ein at monteringa av sklia burde ha skjedd i haust. Hadde kommunen utsett monteringen, hadde me ikkje skapt forventningar til bruk og ein hadde hatt god tid til å få godkjent sklia av tilsynet, skriv Rådmann, Stig Stark-Johansen, i ei pressemelding.

Rådmannen beklagar til innbyggjarar og besøkande for at dei ikkje har kunne bruka anlegget.

Jernbanetilsynet har nylig bedt om ytterligere dokumentasjon på sklia og monteringa. Noko som vil medføra at det kan gå tid ut på hausten før det føreligg ei endeleg godkjenning for bruk.

Til toppen