I VEKST: Innbyggjartalet i Njardarheimr, vikinglandsbyen som er under bygging i Gudvangen, kjem til å variere. Men på det meste i sommar er det venta at over eit halvt tusen vikingentusiastar vil gje liv til den nye busettinga. Frå venstre: Greg, Laura med Alfarr på to år, Mal, Ingrid, Rune, høvding Olafr, Fjallar, Angela, Holger, Marie 
og Karl. Foto: GUAS.
I VEKST: Innbyggjartalet i Njardarheimr, vikinglandsbyen som er under bygging i Gudvangen, kjem til å variere. Men på det meste i sommar er det venta at over eit halvt tusen vikingentusiastar vil gje liv til den nye busettinga. Frå venstre: Greg, Laura med Alfarr på to år, Mal, Ingrid, Rune, høvding Olafr, Fjallar, Angela, Holger, Marie og Karl. Foto: GUAS.

Dei ønskjer medborgarar til den nye vikinglandsbyen

I slutten av mai opnar den splitter nye vikinglandsbyen i Gudvangen. På det meste vil over eit halvt tusen vikingar stå klare til å ta imot turistane.

Aurland: I Gudvangen pågår hektisk bygging av ein permanent vikinglandsby. Byggjeløyve kom i oktober i fjor, så arbeidet har gått unna i rekordfart.

Til sesongopninga 31. mai skal dei atten første bygga stå klare.

– Det er vel mange som har tvila på at vi skal greie dette her på ein vinter. Det har vore litt «mission impossible», seier Frode Tufte i Gudvangen Utvikling AS (Guas).

Han seier rekrutteringa av innbyggjarar til Njardarheimr allereie har starta for fullt. 

Les også: No startar cruisesesongen
Les også: Bli med små og store på eggjakt i Aurland​

FIN VELKOMST: Passasjen mellom båthusa vert i år nytta som mellombels inngang før den permanente inngangen seinare blir bygd opp mot hovudvegen.
FIN VELKOMST: Passasjen mellom båthusa vert i år nytta som mellombels inngang før den permanente inngangen seinare blir bygd opp mot hovudvegen.

– Unikt i verdssamanheng

For turistane skal ikkje møte tomme hus og gater. Tanken er å skape eit levande minisamfunn som formidlar korleis vikingane levde for tusen år sidan.

Til sommaren ventar dei på det meste over eit halvt tusen vikingentusiastar som skal gje liv til landsbyen.

ARBEIDSTEIKNING: Omtrent slik vil Njardarheimr sjå ut når den er fullt utbygd.
ARBEIDSTEIKNING: Omtrent slik vil Njardarheimr sjå ut når den er fullt utbygd.

– Det kjem til å verte mykje større enn det har vore. Fleire hundre har allereie stadfesta at dei kjem. Det kjem sannsynlegvis til å bli heilt vanvittig, det er tydeleg at ryktet går om kva vi held på med. Det er ganske unikt i verdssamanheng, seier Tufte.

Utset opningsfesten

Opninga er altså ikkje meir enn halvanna månad unna. Utan at nokon storstila markering er under planlegging av den grunn.

– Vi sklir berre stille og roleg i gang, av den årsak at vi har eit par trinn igjen å byggja. Dei største og flottaste byggja kjem seinare, seier Frode Tufte i Gudvangen Utvikling.

Det han refererer til er mellom anna den 36 meter lange gildehallen, det stavkyrkjeinspirerte seremonihuset, smia og vertshuset.

– Dei skal vi ha ferdige før det blir ei skikkeleg grand opening. Vi kan ikkje ha opning kvart år, he he, seier Tufte.

LEKKERT: Steinhellene i Høvdinghuset har blitt til eit lekkert golv.
LEKKERT: Steinhellene i Høvdinghuset har blitt til eit lekkert golv.
Til toppen