JOMFRUTUREN: Foreldre og andre som skal køyra ÅTIL-born på handballkamp og andre idrettsstevne, fekk i tur og orden prøvekøyra ÅTIL sin flunkande nye Mercedes minibuss tysdag.
JOMFRUTUREN: Foreldre og andre som skal køyra ÅTIL-born på handballkamp og andre idrettsstevne, fekk i tur og orden prøvekøyra ÅTIL sin flunkande nye Mercedes minibuss tysdag. (Foto: Roy Bergerud/ÅTIL)

Dei prøvekøyrde Årdalstangen idrettslag sin splitter nye buss for fyrste gong 

Den flunkande nye bussen hadde hittil berre køyrt den eine turen frå bilforretninga i Fredrikstad til Årdalstangen. No har laget sine sjøførar prøvekøyrt og gjort seg kjende med doningen. 

Årdal: – Me har ikkje spart på kronene, me har kjøpt ein minibuss som er av dei flottaste, ein Mercedes Sprinter, seier leiaren i Årdalstangen idrettslag, Roy Bergerud. 

DEN FEMTE I REKKA: Den nye bussen er den femte dei har hatt sidan 1992. ÅTIL har no selt den gamle, slik at dette er deira einaste minibuss.  Foto: Roy Bergerud/ÅTIL

For knappe to veker sidan kunne idrettslaget melda på heimesidene sine at dei har kjøpt inn ein skinande ny buss, og den gamle må vika.

Tysdag fekk bussen jomfruturen sin kringom i Årdalstangen og omegn. Hittil hadde han bere stått heilt i ro sidan han vart køyrt rett til bygda, heilt flunkande ny, frå eit utsal i Fredrikstad. 

Det er eigne USB-uttak i seta, og det er populært:

– No til dags har alle ungane mobil og nettbrett, so det er greitt at dei har høve til å lada, seier Bergerud. 

Lagsleiaren understrekar at dei ikkje har kjøpt Mercedes for å vera store på det. 

– Dei bilane er kjent for lang levetid, og er ikkje råflotte. Behovet vårt tilseier at me treng ein slik sprinter i idrettslaget.

Tysdag testa sjåførane bussen, og dei er nøgde

LÆREMEISTER: Anne Kauppi har køyrt for ÅTIL i over 25 år, og er røynd i faget. Ho hadde alt fått gjort seg kjend med den nye bussen, og hadde ansvaret for opplæringa til dei andre ÅTIL-sjåførane tysdag. No har dei alle fått prøvekøyra han.  Foto: Roy Bergerud/ÅTIL

Anne Kauppi er kasserar i laget, og også sjåfør på dugnad heilt sidan 1992. For fyrste gong har laget fått ein buss med automatgir. 

Kauppi stod for opplæringa av sjåførane denne kvelden, for ho hadde alt gjort seg kjent med bussen. 

– Dei var nøgde. Ein av sjåførane kommenterte at han låg tett og bra på vegen. Og sidan me var so mange sjåførar, vart det godt høve til å testa passasjerseta òg, og me var samde om at dei var gode, seier Kauppi. 

Sjåførane til idrettslaget køyrer på dugnad. Mange av dei er foreldre av dei yngre medlemene. 

Tryggleik og inkludering i høgsetet

Leiar Roy Bergerud fortel at idrettslaget «ynskjer å vera ein pioner innan tryggleik». 

– Til dømes er me godt nøgde med at det er ein skiljevegg mellom bagasjen og passasjerane. 

Bussen er òg tilpassa rullestol, og det var ikkje på tale å kjøpa eit køyretøy som ikkje var det. Bergerud fortel at somme av medlemene i idrettslaget sit i rullestol, og dei spelar el-innebandy. 

Kan du seia døme på turar de kjem til å leggja ut på med denne minibussen?

SETA PASSAR FOR BÅDE STORE OG SMÅ: Desse unge ÅTIL-medlemene hadde fått prøvekøyra minibussen alt før sjåførane til idrettslaget la ut på den fyrste offisielle køyreturen tysdag. Dei tykte òg det var ein god buss å køyra i.  Foto: Roy Bergerud/ÅTIL

– Sogn og Fjordane strekkjer seg vidt, og me bur inst, so det vert ein del lange turar.

Han nemner at ferda mellom anna vil gå til Florø og Førde med både handball- og fotballaga. 

– Og so fer turnarane gjerne til Måløy på stevne. Og me køyrer til Oslo når me skal på Norway cup. 

Noko av det fine med å ha ein slik buss, er at han skapar godt samhald i laget på reisene. 

 – Lagidrett består ikkje berre av å prestera, det sosiale er veldig viktig. Og det er det sosiale borna kjem til å hugsa best seinare. Då er det kjekt at dei alle fer i same bussen til arrangementa.   

Vil senda foreldre for å ta minibusslappen

Når framtidige sjåførar tysdag møtte opp for å prøvekøyra bussen, fekk samstundes idrettslaget ein peikepinn på kor mange som tenkjer seg å vera sjåfør i tida frametter. 

– Me får sjå kor mange av sjåførane våre som dukkar opp i morgon for å prøvekøyra den nye bussen, fortalde Bergerud til Porten.no måndag.

– I neste omgang vil me senda foreldre av garde for å ta minibusslappen. 

Dei som skal ta sertifikitatet får utgiftene dekt av idrettslaget, men då bind dei seg samstundes til å køyra for laget nokre år frametter. 

– Me kjem til å ordna med kontraktar, alt lyt vera på det reine. 

ARKIVFOTO, ÅRDALSTANGEN IDRETTSLAG.  Foto: Roy Bergerud/ÅTIL
Til toppen