UTSETJING: SV, Ap og Sp krev at søknadsfristen for kommunesamanslåing vert utsett. Foto: Flickr/Lindaas/FAD.
UTSETJING: SV, Ap og Sp krev at søknadsfristen for kommunesamanslåing vert utsett. Foto: Flickr/Lindaas/FAD.

Dei raudgrøne krev utvida kommunefrist

SV, Ap og Sp vil at søknadsfristen for kommunesamanslåing skal utsettast. Dei meiner kommunane får veldig dårleg tid til å behandle spørsmål om samanslåing grundig.

Årdal/Lærdal: Karin Andersen (SV) har stilt skriftleg spørsmål til kommunalminister Jan Tore Sanner (H), der ho ber om ei utsetting, skriv Nationen. Kommunaldepartementet vil ikkje kommentere dette før Sanner har svart i Stortinget.

– No må kommunane seie nei til dette råkøyret. Det er pengeutpressing med bind for auga, seier Andersen. 1. mars går høyringsfristen ut for forslaget til nytt inntektssystem, og fire månader seinare går fristen ut for kommunar som ønsker å slå seg saman.

– Det går veldig fort. Vi veit ikkje kva utfallet av høyringa blir, så kommunane vil få veldig dårleg tid på seg når dei skal behandle spørsmålet om kommunesamanslåing grundig før 1. juli, seier Helga Pedersen (Ap).

– Kommunane må sjølv avgjere kor lang tid dei treng for å fatte vedtak til beste for sine innbyggjarar, meiner Senterpartiets Heidi Greni. Hadsel kommune skriv i sitt høyringssvar at dei meiner fristen bør utsettast til utgangen av året.

Både Årdal og Lærdal har sondert terrenget for samanslåing, men har førebels ikkje kome til avtale med nokon andre. Det betyr at mest truleg blir dei ståande åleine med mindre Aurland skulle snu innan eit planlagt møte 26. februar. Tida blir no for knapp fram mot 1. juli å endre kommunestyrevedtak og sjå på andre alternativ. (©NPK)

Til toppen