Dei representerte Noreg under innmarsjen på Gothia Cup

Gute- og jentespelarane på dei fire Joutunlaga som er på Gothia Cup denne veka fekk ei heilt spesiell oppleving. Sjå bileteserie!

– Det var absolutt eit høgdepunkt. Dei fekk gå rundt Nya Ullevi til applaus frå 60 000 tilskodarar, seier Kai Wigum, trenar for to av gutelaga som er i Gøteborg.

Jotunlag har delteke på Gothia Cup i den nest største svenske byen seks år på rad. Dei har vore på opningsseremonien i byens storstove mange gonger før, men i år vart altså opningsseremonien heilt spesiell for 14-, 15- og 16-åringane.

77 frå Jotun

– Ein av grunnane til at me var idrettslaget som fekk representera Noreg under seremonien var nok at me har delteke så mange gonger. Og Noreg er landet med tredje flest lag på turneringa, berre Tyskland og Sverige har fleire. Så då fekk me gå inn tredje sist medan norsk musikk runga over høgtalarane, fortel Wigum.

Til saman er det 77 spelarar og folk frå støtteapparatet til Jotun i Gøteborg denne veka. Dei stiller med tre gutelag, eitt kvar i 14-, 15- og 16-årsklassen, og eitt jentelag i 16-årsklassen.

– To av kampane me har spelt gjekk også på livestreaminga på nettsida for Gothia Cup. Så det er stor stas, seier Wigum.

Jentelaget ligg svært godt an

Tysdag ettermiddag har alle laga spelt to av tre kampar i gruppespelet. Jentelaget har vunne ein kamp mot eit svensk lag og spelt uavgjort mot eit amerikansk. Ettersom den siste kampen er mot eit svensk lag som ligg sist i gruppa bør sjansane vera gode for at jentene tek seg til A-sluttspelet.

Gutane i 14-årsklassen har vunne ein og tapt ein kamp mot to svenske lag. Dei har att ein kamp mot eit tysk lag som toppar tabellen, og treng minst eitt poeng her for å ta seg til A-sluttspelet.

Gutane i 15-årsklassen har spelt ein uavgjort og tapt ein kamp mot to svenske lag. Om dei vinn den siste kampen mot eit mexikansk lag har dei sjanse til å ta seg til A-sluttspelet.

Gutane i 16-årsklassen har tapt sine to kampar mot eit mexikansk og eit engelsk lag. Ein kamp gjenstår mot eit svensk lag, men det blir i alle høve B-sluttspel på dei eldste gutane.

– At me får spela kampar mot lag frå så mange ulike nasjonar er ein av hovudgrunnane til at me deltek her - på Norway Cup og Dana Cup møter ein veldig mange andre norske lag. Og alle kampane me har spelt har vore rimeleg jamne, så me er godt nøgde, seier Wigum.

Resultat frå alle kampane og streaming av nokre kampar - både direkte og opptak - finn du her.

Til toppen