ÅRDAL ARBEIDERPARTI: Marie Helene Hollevik Brandsdal.
ÅRDAL ARBEIDERPARTI: Marie Helene Hollevik Brandsdal. (Foto: Arkiv)

MEININGAR

– Dei rike vert rikare og dei fattige vert meir fattig

Tal frå Statistisk sentralbyrå publisert den 24.09 viser at forskjellane mellom rike og fattige har auka meir enn me trur. Det har vore ein dramatisk vekst i ulikheita sidan 2013.

Årdal: Dei rike vert rikare og dei betaler mindre skatt.

Rapporten viser at forskjellane har auka 4 gonger meir enn det berekningane har vist til no.

Den rikaste ein prosenten i Noreg mottek 19 prosent av all inntekt her i landet. Tidlegare antok me at dette talet var om lag 9 prosent.

Dei rikaste 0.01 prosenten, altså ein tiandedels promille av befolkninga, eller 370 personar tjener 6 prosent av all inntekt.

– Er det verkeleg ei ønskja tilstand? 

Den rikaste ein prosenten i Noreg betaler i snitt kun 22 prosent skatt! Eg trur at mange arbeidsfolk reagerer sterkt på urettferdigheita. Vanlege arbeidsfolk betaler langt meir i skatt enn 22 prosent. Når det vert dokumentert at Noregs rikaste betaler i snitt 22 prosent skatt,  er det ein urettferdig fordelingspolitikk i favør av dei som allereie har mest.

Er det verkeleg ei ønskja tilstand? Eg trur ikkje det.

No vil Høgre gjera det enda betre for dei rike. I forslag til nytt partiprogram vil dei fjerne formueskatten på arbeidande kapital og på sikt fjerne heile formueskatten. Dei meiner at det vil auke sysselsettinga. I går vart rapporten, som regjeringa sjølv har bestilt jf. effekt av formueskatt lagt fram.

Den slår fast at auka formueskatt kan gje fleire arbeidsplasser – ikkje færre! Likevel går regjeringa inn for å senke skatten på arbeidande kapital, utan å endre formuesskattsatsen  og slik gjere dei rike endå rikare.

Dei fattige blir fattigare 

Samstundes aukar arbeidsledigheita i landet. Og det er særskilt langtidsledigheita som aukar. Fleire har behov for sosialhjelp for å overleve. Bustadprisane aukar også.

Dei fattige blir stadig fattigare.

Noregs Røde Kors offentleggjorde for få månader sidan rapporten «Barn som lever i fattigdom». Den viser at fattigdom i bornefamilier er eit alvorleg samfunnsproblem.

Røde Kors er bekymra for at innsatsen mot fattigdom ikkje er god nok.

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratets statistikk over bornefattigdom i Noreg viser at over 105.000 born lever i fattigdom i Noreg og at forskjellane aukar. Nesten 11 prosent av alle born i Noreg lever i fattigdom.

Det er Solberg-regjeringa som har ansvaret for at 105.000 born lever i fattigdom. Det er Solberg-regjeringa som har ansvaret for at 25.000 fleire born var fattige i 2017, enn da Erna vart statsminister.

Ynskjer eit samfunn med små sosiale og økonomiske ulikskapar

Store forskjellar aukar sosiale problem og utenforskap.

Arbeiderpartiet ynskjer eit samfunn med små sosiale og økonomiske ulikskapar. Me meiner at det er avgjerande for eit godt fellesskap og auka tillit mellom innbyggjarane. Vi vil utjamne sosiale skilnader.

Der vi bidreg etter kva moglegheiter vi har. Skattefordelingssystemet og avgiftspolitikken må bidra til inntektsutjamning.  Dei rike skal betale meir. Vi andre skal betale mindre. Slik kan vi oppretthalde velferdsstaten vår. For vi er alle tjent med ein sterk offentleg velferdsstat, som er der for oss som eit sikkerheitsnett. Når vi har behov for det.

Arbeiderpartiet vil ha ein sterk offentleg velferdsstat ved ein rettferdig skattesystem og klimapolitiske løysinger som kutter utslipp og skaper jobber.

Neste år er det stortingsval. Då har vi ein moglegheit til å stemme nytt. Nytt stemmeretten din.

Marie Helene
Til toppen