Årdal: – Det er artig å prøva å skapa noko sjølv, seier Rune Lomheim.
Saman med Olav Vee og Jøger Strand har han starta entreprenørfirmaet VLS Maskin. Tysdag var det oppstart, og det aller første oppdraget vert å laga ein ny tilkomstveg til eit hus i Mjøbakken i Øvre Årdal. På føremiddagen var dei allereie godt i gang med arbeidet.
– Det er Per Hauge og Sogn Utleige som har tenkt å legga det ut for sal når vegen er ferdig, og han har fått «shina» litt opp rundt her, seier Lomheim, som reknar med jobben tek minst tre veker.
Sa opp jobben og satsa sparepengane
Dei kom alle frå fast jobb i Olav O. Hæreid. No har dei kjøpt fire gravemaskiner og to lastebilar, dei har skrapa ihop eigenkapital på 450.000 kroner, og er klare til å satsa. Alt er finansiert ved hjelp av banklån og frå eiga lomme, utan offentleg støtte.
– Når du seier opp jobben og satsar sparepengane, då er du litt ute og køyra, seier Strand lattermildt, før han tek seg inn att.
– Me har drive i bransjen i mange år, og trur det er kundegrunnlag for det, held han fram.
– Me er voldsomt spente på korleis det blir framover, det er heilt sikkert. Men me både håpar og trur det er arbeid til både oss og dei andre entreprenørane rundt her, stemmer Lomheim i.
– Håpar det vil losna
Førebels har det ikkje rasa inn med oppdrag. Det er vel ikkje anna å venta no før dei har kome skikkeleg i gang. Samstundes er det først på våren at sesongen i denne bransjen verkeleg startar.
– Det har vore kaldt og snø til no, så det har vore litt stille. Men me håpar at det vil losna no etter påske, seier Strand.
At det er mange i bygda som heier på dei, er det ingen tvil om. På Facebook har lukkeønskingane strøyma på, medan andre har gjort det på gamle måten med kort.
– Det har vore mykje positive tilbakemeldingar. Det er mange som har tru på oss, seier Vee.