TRENINGSPARTNARAR: Tiago Mendes og Stig Morten Hardeland står bak Fitness & Fight Club, eit nytt treningssenter i Sogndal som etter planen opnar i april.
TRENINGSPARTNARAR: Tiago Mendes og Stig Morten Hardeland står bak Fitness & Fight Club, eit nytt treningssenter i Sogndal som etter planen opnar i april.

Dei satsar alle sparepengane på nytt treningstilbod i Sogndal

Vil lokke sogndøler med kampsport, fitness og låge prisar.

Sogndal: Treningsutstyr og kampsportmatter ligg klare på lager. No ventar dei to treningsgründerane berre på at lokala dei skal leige blir ferdig oppussa.

– Selskapet er etablert og bygginga er i gang. Me håper å vera klare til midten av april, utan at vi skal setta nokon dato, seier Stig Morten Hardeland.

Les også: Her er hans råd for å halde på treningsiveren

EIN MÅNAD ATT: Ein del jobb står att før Fitness & Fight Club flyttar inn i desse lokala rett overfor Campus. Men frå midten av april er tanken å opne dørene.
EIN MÅNAD ATT: Ein del jobb står att før Fitness & Fight Club flyttar inn i desse lokala rett overfor Campus. Men frå midten av april er tanken å opne dørene.

Plasseringa er temmeleg optimal, rett ved sidan av dei nye studentblokkene i Nedrehagen og rett overfor idrettshallen og Campus på motsett side av elva. Lokala er ei ombygd løe som inntil nyleg har fungert som lager.

– Me har lagt oss på eit så lågt prisnivå at det nok vil trekka ein del kundar berre det. Det blir veldig enkelt, berre toalett og ein dusj, og ingen garderobe. Men du kan komma og trena for tre hundre kroner, som er prisen vi har tenkt å legga oss på, seier Hardeland.

Les også: Idrettssenteret utvidar med treningsstudio i sentrum

Nitti kvadratmeter er sett av til diverse treningsapparat, nesten hundre og femti til kampsport. I tillegg har dei plass til å utvide dersom det blir behov for det. 

– Kombinasjonen kampsport og fitness blir ganske unik. Det er eit tilbod ingen andre har her i Sogn og Fjordane. Så det er spanande å starte eit nytt prosjekt som dette, seier Tiago Mendes.

Han er sjølv aktiv utøvar av kampsporten Muay Thai og står bak klubben Sogn Martial Arts. Men tanken er å verte ein samleplass for alle som er interesserte i kampsport. Mellom anna er det eit stort miljø i bygda både for karate og taekwondo.

– Det blir eit veldig bra kampsportmiljø, der utøvarane kjem til å få alt dei treng, seier Mendes.

Les også: Ramona tek over Årdal Gym

Hardeland har òg drive litt med kampsport, men for han er det styrketrening som er lidenskapen. Saman håper dei å utfylle kvarandre og utgjere eit slagkraftig partnarskap.

– Her ryk sparepengar og her ryk alt for at me skal kunne satsa på den hobbyen me har. Me har begge to drive på med trening heile livet på kvart vårt felt. For meg har det alltid vore ein draum å driva eit treningssenter, seier Hardeland.​

Til toppen