GRØN KUNNSKAP: Sogn Jord- og Hagebruksskule er den einaste landbruksskulen i landet som blir driven hundre prosent økologisk. Elevane kjem frå alle kantar av landet. Enkelte kjem også frå andre land. (Bilde: Spira Svendsen)

Storstilt feiring av skulen som fyller 100 år

Dei siste 30 åra har skulen vore truga av nedlegging. No feirar økoskulen 100 år

I år er det 100 år sidan Sogn Jord- og Hagebruksskule i Aurland blei grunnlagt. Skulen er i dag den einaste heiløkologiske landbruksskulen i landet, og i september skal jubileet markerast med ei storstilt feiring i tre dagar.

Aurland: Frå torsdag 21. til og med laurdag 23. september er folk frå nær og fjern inviterte til å heidra innsatsen som har blitt lagt ned, og til å løfta blikket og sjå framover.

Første dagen av jubileumsfeiringa er det historia til skulen som står i sentrum. Gjestene får mellom anna bli betre kjende med den framsynte Jens Lunde frå Aurland som grunnla Sogn Jord- og Hagebrukskule i 1917. Han var også styrar dei første fem åra og blei seinare stortingsrepresentant for Bondepartiet.

Fakta om Sogn Jord- og Hagebruksskule
  • Vidaregåande skule i Aurland kommune i Sogn og Fjordane
  • Einaste landbruksskulen i landet som driv 100 prosent økologisk
  • Grunnlagt av fylkesagronom Jens Lunde frå Aurland i 1917
  • Tilbyr ei rekkje kurs som til dømes ystekurs, birøkting, ølbrygging og økoturisme.

– Han var ein stor gründer og personlegdom. Hadde det ikkje vore for han, hadde skulen neppe komme i gang på ein så liten stad og levd i hundre år, meiner Aksel Hugo, som tok til som rektor ved Sogn jord- og hagebruksskule i fjor.

Den første fasen

Dei første 20 åra låg skulen på heimegarden til Jens Lunde. I 1937 hadde han blitt politikar og argumenterte for at Sogn Jord- og Hagebruksskule burde få ta over prestegarden. Og slik blei det.

– Med kjøpet av prestegarden i 1937 gjekk skulen frå å vera ein privat skule til å vera ein offentleg landbruksskule, seier Hugo.

GRUNNLEGGJAR: Jens Lunde frå Aurland var den som grunnla Sogn Jord- og Hagebrukssskule i 1917. Utan han ville skulen aldri blitt til, meiner noverande rektor Aksel Hugo. 
GRUNNLEGGJAR: Jens Lunde frå Aurland var den som grunnla Sogn Jord- og Hagebrukssskule i 1917. Utan han ville skulen aldri blitt til, meiner noverande rektor Aksel Hugo.  Foto: Sogn Jord- og Hagbruksskule

Han legg til at internatet til skulen først kom på plass i 1950 og meiner det var først då at skulen såg ut som noko meir enn eit gardsbruk.

– Dei første 33 åra frå 1917 til 1950 handla eigentleg om etablering av skulen i ulike fasar, seier han.

Frå glanstid til mørketid

I den neste fasen frå 1950 til 1983, som på mange måtar var glanstida i det norske jordbruket, kom det mange elevar til skulen. Mekanisering og modernisering av landbruket stod i sentrum.

Hugo strekar likevel under at skulen heile tida har drive både med jordbruk og hagebruk, og at drifta har vore svært allsidig.

I 1983 dukka det første spørsmålet opp om nedlegging.

– Det har eigentleg vore til stades dei siste tretti åra, seier Hugo.

Som følgje av trugsmåla om nedlegging bestemde lærarane ved skulen seg i 1988 for å leggja om til økologisk drift.

– Då blei det på ein måte ei slags gründerånd på nytt, meiner rektor.

Situasjonen såg likevel lenge mørk ut, men til slutt bestemde departementet seg for å gje støtte til den nye økologiske satsinga. Skulen kan i dag skryta av at dei var dei første til å byrja med kunstgjødsel, men også dei første til å slutta med det.

GRØN GLEDE: Skulegardsbruket der alt blir drive økologisk, er det viktigaste klasserommet ved skulen. 
GRØN GLEDE: Skulegardsbruket der alt blir drive økologisk, er det viktigaste klasserommet ved skulen.  Foto: Tom Boersma

Nasjonal redningsdugnad

Omlegginga til økologisk undervisning førte likevel ikkje til at det blei slutt på dei økonomiske problema. Ein viktig grunn er at fylket og staten ikkje blei samde om kven som skulle ha det økonomiske ansvaret for utbetring av skulen. Dei siste 33 åra har skulen difor også vore truga av nedlegging fleire gonger. Siste gongen skulen fekk kniven på strupen, var i hausten 2014. Då blei det ein stor nasjonal aksjon for å redda skulen.

– Det var aksjonar i alle fylke i landet, fortel Hugo.

GRØN GLEDE: Elevane ved Sogn Jord- og Hagebruksskule kan gle seg over ureist mat frå eigen gard.
GRØN GLEDE: Elevane ved Sogn Jord- og Hagebruksskule kan gle seg over ureist mat frå eigen gard. Foto: Elisabeth Fagerland

Til saman fekk venneforeininga til skulen inn 800.000 kroner. Den økonomiske knipa løyste seg då staten, fylket og Aurland kommune til slutt blei samde om eit spleiselag for å rusta opp skulen for rundt tretti millionar kroner. Med løyvinga og framveksten av økologisk landbruk er rektor sikker på at skulen er berga. Under jubileumsfeiringa i september kan han ønskja velkommen til nye og renoverte skulebygningar.

– Perspektivet er hundre år til, seier han.

Nye tider – nye roller

Siste dagen av den tre dagar lange markeringa handlar om framtida. Rektor meiner oppussinga av skulebygningane også gjer det naturleg å tenkja fornying av den rolla Sogn Jord- og Hagebruksskule skal spela vidare. Han trur det er på tide å tenkja nytt og at skulen i større grad må samarbeida med andre.

– Oppgåvene i dag er annleis enn tidlegare. Litt enkelt brukar eg å seia at jobben det økologiske landbruket byrja på i 1989 handla om å få det økologiske landbruket på dagsorden og produkta inn i hyllene. Den jobben vil eg seia no er gjort. Viss folk vil, kan dei få tak i økologiske varer, seier Aksel Hugo.

JUBILANT: I år er det 100 år sidan Sogn Jord- og Hagebruksskule blei etablert, men jubilanten let seg ikkje tyngja av alderen. Nyting og framtidsplanlegging blir ein sentral del av jubileumsfeiringa i september.
JUBILANT: I år er det 100 år sidan Sogn Jord- og Hagebruksskule blei etablert, men jubilanten let seg ikkje tyngja av alderen. Nyting og framtidsplanlegging blir ein sentral del av jubileumsfeiringa i september. Foto: Nat Mead

– Oppgåva vi står framfor dei neste 25 åra, handlar ikkje om å vera alternativ, men om å arbeida for at økologi og berekraft må gjelda heile det norske landbruket.

I dette samfunnsoppdraget meiner han det er viktig at skulen finn si rolle i samarbeid med andre. Overskrifta for den siste jubileumsdagen er "Økologisk entreprenørskap; nye, grøne alliansar". Gjennom foredrag og framtidsverkstader blir det søkjelys på tema som nyskapande foredling, berekraftig reiseliv og landbruksutdanning for framtida. Diskusjonane tek føre seg samarbeid både lokalt, regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Eit viktig mål er å utveksla idear og danna nye grøne alliansar.

Til toppen