VED FRETEX-STASJONEN I ØVRE ÅRDAL: Mehdi El Mouafik, Munir Alyasin og Odd Thune førre fredag. Fire dagar etter at dei sist tømde containeren på Øvre Årdal, er han igjen full av brukte klede og skor. Det er Thune og Alyasin som har køyrt kleda dei siste tre åra. El Mouafik er nytilsett i Frivilligsentralen.
VED FRETEX-STASJONEN I ØVRE ÅRDAL: Mehdi El Mouafik, Munir Alyasin og Odd Thune førre fredag. Fire dagar etter at dei sist tømde containeren på Øvre Årdal, er han igjen full av brukte klede og skor. Det er Thune og Alyasin som har køyrt kleda dei siste tre åra. El Mouafik er nytilsett i Frivilligsentralen. (Foto: Snorre Sandemose)

Dei siste tre åra har dei frakta over 40 tonn med klede for Fretex i Årdal

Kvar måndag køyrer Munir Alyasin og Odd Thune til Fretex-stasjonane i Øvre Årdal og Årdalstangen og tømmer dei for klede. 

Årdal: På ei veke rekk stasjonane å verta heilt fulle. 

– Eg er pensjonist, og likar godt å gjera denne jobben, seier Odd Thune. 

– Det er kjekt å vera med på å hjelpa andre. Nokre av kleda vert sendt ut av landet og kjem til hjelp, andre vert selde her i landet til låg pris. Og so hjelper me kommunen. Takka vera denne ordninga med klesattvinninga vert det mindre avfall for dei å handtera, seier Munir Alyasin. 

Dei køyrer kleda og skorne som har kome inn vidare av stad til ein endå større container på Årdalstangen. Når også denne er full, kjem SIMAS og hentar alt saman, og transporterer det til eit av Fretex sine mottak. Dette skjer fire gonger kvart år. 

Ordninga er eit samarbeid mellom SIMAS, Fretex og Frivillighetssentralen i Årdal.

GJEV ROS TIL BYGDA: Steinar Drægni er imponert over kor flinke folk er både i Øvre og på Tangen til å levere inn fine klede i gjenvinningsstasjonane. – Alt kjem til nytte, seier han.   Bilde:Snorre Sandemose

– Me brukar systemet, og det er flott, seier Steinar Drægni, leiaren for frivilligsentralen i bygda dei siste tre åra. 

Han skryt av årdølene

Det er Drægni som tek kontakt med SIMAS i Sogndal når den store containeren på Årdalstangen snart er full.  

– Årdølene er fantastisk flinke til å bruka dette systemet, synest Drægni. 

Rekordåret var 2016, då vart det til saman levert inn nærare 17,7 tonn klede til Fretex-stasjonane i Øvre Årdal og på Årdalstangen. Dei siste tre åra har meir enn 44 tonn klede har vore levert inn i Årdal til saman.

Alt som Fretex samlar inn vert anten selt eller gjeve vidare, eller eventuelt hakka opp og nytta som matter eller isolasjon, dersom kleda som kom inn var i dårleg stand. Likevel heiter det seg at det ein leverer inn helst skal vera i orden.  

– Det som kjem her ifrå Årdal er veldig fint. Rett som det er er det skjorter som ikkje er tekne ut av pakken, prislappen heng til og med framleis på. 

Frivilligsentralen i Årdal har takka folk på sida si på Facebook for at dei er so flinke til å nytta ordninga. 

Til toppen