Dei skal bli kameratar med politiet

– Politikameratane er eit fantastisk konsept. 

Årdal: Ein livleg gjeng med 9. klassingar står i kø i krysset ved Hydro i Øvre Årdal. Ein etter ein får dei prøve fartsmålaren til politibetent Ove Andersen.

– Her får dei prøve laseren og sjå kva føresetnader me har for å bruke han og kontrollere bilistar. Dette gjer me for å informere ungdomen om trafikkontrollar og korleis dei vert gjennomførte. I tillegg får dei eit innsyn i kva politiet held på med, fortel Andersen. 

Sjå bilete frå dagen i galleriet øvst i artikkelen.

Turen ber vidare til Hydroparken. Her står beredskapsleiar Inge Steinheim og brannsjef i kommunen Gaute Johnsgaard. Dei tek imot ungdomane, gir dei informasjon om kva dei skal gjere dersom det oppstår brann og syner korleis ein handsløkkar fungerer. Før ungdomane går vidare til neste post får dei prøve seg på å sløkke ein brann.

– Heilt topp

– Dette opplegget er heilt topp. Me har vore med på dette i mange år heilt frå starten. Det verkar som elevane er ivrige og lærer lett, og så får me håpa dei hugsar det viss det oppstår ein situasjon. Det verkar for meg at dei gjer det, seier Steinheim.

Artikkelen held fram under videoen.

 

– Dette er eit viktig førebyggande arbeid. Heile konseptet er fantastisk. Dei som starta dette gjorde eit veldig godt arbeid, legg Johnsgaard til.

Politikameratane vart henta til Årdal frå USA via tidlegare lensmann Kristen Olav Grøttebø. 14 år etter lever konseptet i beste velgåande. Torsdag og fredag denne veka skal 9. klassingane ved Tangen og Farnes skule i Årdal bli betre kjend med politiet og andre haldningsskapande organisasjonar og etatar.

– Det er veldig gøy og spennande å vera med. Det blir moro å prøva noko nytt, seier Anna Thomassen Øren. 

Betre kjende med politiet

Ungdomsgjengen kjenner ikkje så godt til kven som jobbar i politiet. Utanom politi og brannvesenet, skal dei også innom Norsk Folkehjelp, Røde Kors og Statens Naturoppsyn. Deretter går turen til Avdalen, der det ventar aktivitetar og generelt hygge. Alt skjer i samarbeid med Årdal Tenk Tryggleik (ÅTT).

– Gjennom dette opplegget skal elevane bli betre kjende med Årdal Tenk Tryggleik og det lokale politiet. I løpet av denne runden får dei sett kva me jobbar med. Når dei er ute om kveldane, veit dei at politiet ikkje er farlege og at dei kan koma og snakka med dei, seier Bjørn Indrebø i ÅTT.

– Det er viktig at me kjenner politiet. Det gjer oss tryggare, og så blir dei tryggare på oss i framtida, seier Kine Høl. 

Haldningsskapande arbeid

Ungdomane seier dei ser fram til rappellering og grilling i Avdalen og gler seg til å lære meir frå dei ulike organisasjonane som også deltek. I Skåri er Røde Kors på plass for snakke om kampanjen «Stopp volden».

– Det er vårt bidrag i dette. Opprinneleg stammar aksjonen frå då ein ung gut vart skoten på open gate i 1995 i Oslo. Det vart då laga eit fakkeltog, og Dagbladet lagde ein artikkelserie på dette i tre år før dei gav det vidare til Røde Kors, fortel Astrid Bruheim. 

– Kvart år har me delt ut T-skjorter, men for første gong i år deler me ut buffar og gummiarmband. I tillegg skal me seia nokre ord om bakgrunnen for dette, legg ho til. 

I Skåri var også Statens Naturoppsyn på plass med Rigmor Solem i spissen. Dei fortalte om søppel på avvege i naturen. 

Til toppen