STÅR PÅ: Steinar Drægni og Bjørn Årebru er nokre av dei som står på for at tradisjonen med julegrantenning skal oppretthaldast i Øvre Årdal. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
STÅR PÅ: Steinar Drægni og Bjørn Årebru er nokre av dei som står på for at tradisjonen med julegrantenning skal oppretthaldast i Øvre Årdal. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Dei skal gje deg julestemninga

Alt klart til tenning av julegran i Årdal.

Tysdag føremiddag kom endeleg julegrana opp på torget i Øvre Årdal og på Årdalstangen. Allereie onsdag skal grana tennast på Tangen, og ikkje før torsdag blir det lys i grana i Øvre.

På Tangen er alt klart til i ettermiddag, kan Leif Stølen melda til Porten.no. 

– Det blir julemesse i gamle Tisku-lokalet, ungdomslaget sel gløgg, og me avsluttar med kino, der me viser «Solan og Ludvig – Jul i Flåklypa», seier han. 

I Øvre er det Frivilligsentralen som i år har ansvaret for arrangementet. 

– Det er frivilligheitsapparatet som gjer heile den praktiske jobben, og dette kan bli bra. Me får håpa me får lysa i alle buskene her, seier Steinar Drægni. 

Tidlegare var det handelstanden i bygda som stod for dette arrangementet, men etter at butikkane no er flytta inn på Årdalsenteret har Frivilligsentralen tatt over stafettpinnen.

– Utan dei frivillige hadde det berre vore julegrana som hadde blitt tent for den er det kommunen som har ansvaret for, seier Bjørn Årebru.

Fakkeltog

Dei tidlegare åra har opplegget blitt opna med eit fakkeltog både på Tangen og i Øvre. Hjå førstnevnte skal toget gå fra Rema 1000 og ned på torget. Toget startar å gå 17.00. Grana vert tent om lag 17.30.

I Øvre byrjar dei å gå frå fire ulike retningar før dei møtast på torget. Der startar det heile 17.00.

– Det blir stilfullt. Me får håpa det ikkje blir vind for då kan det henda at me må avlysa, seier Drægni. 

– Og så skal Øvre Årdal janitsjar spela julesongar, kora kjem, det blir sal av mat og kaffi, ein skal gå rundt juletreet, og så kjem nissen med litt godteri.

Tradisjonen tru blir det eit liknande opplegg på Tangen også. 

– Forutan fakkeltog, blir det bidrag frå korpset. Rideklubben kjem med hest, og dei skal dela ut snop til ungane og har med seg julenissar, fortel Stølen.

STORT UTVAL: Steinar Drægni syner fram det enorme utvalet av juledekorasjon i 2. etasjen.
STORT UTVAL: Steinar Drægni syner fram det enorme utvalet av juledekorasjon i 2. etasjen.

«Brukt jul»

Dessutan skal Gamleskulen Brukthandel ta i bruk andre etasje. Der vil ein finna eit enormt utval av juledekorasjonar av alle slag som folk har gitt vekk.

Artikkelen held fram under biletet.

– Det vil seia at Farnes gamleskule er denne kvelden i bruk frå kjellar og opp til toppen for første gong på mange, mange år. Det gledar me oss til, seier Årebru.

Han seier det ligg ein del arbeid bak dette, men både han, Drægni og Stølen seier det er viktig å få til denne tradisjonen.

– Det er klart det. Det er godt å kjenne på denne kjensla når ein går rundt treet, syng litt og ser alle smila. Det er samlande og ein tradisjon, og det må me holda på, seier Drægni.

Artikkelen held fram under biletet.

VISER FRAM: Steinar Drægni viser fram ein av dekorasjonane dei har fått inn.
VISER FRAM: Steinar Drægni viser fram ein av dekorasjonane dei har fått inn.

– Det er ganske viktig. Folk forventar at det skal skje, og eg trur absolutt at dette er samlande. Dette er eit av dei arrangementet som er viktig å ivareta, legg Stølen til. 

Lokale kunstnarar med utstilling

Det er ikkje berre mogleg å få kjøpt juledekorasjonar denne dagen, men det er mogleg ein finn ei julegåve ein kan gje vekk også.

I andre etasje skal det vera julemarknad, der blant anna lokale kunstnarar får stilla ut ulike ting.

– Det tradisjonsrike marknaden er flytta frå Hestetun gard til Gamleskulen, og me var så heldige å få låna lokala til Årdal kunstlag og frisklivsenteret. Me vil gjerne vera med og skapa liv i det flotte bygget på torget, seier ansvarleg Anne Karin Bjørkum.

– Dette er sjette året eg driv med dette, som er eit dugnadsprosjekt der eg har fått med utstillarar med eige design i tillegg til tre dagmer som har vore faste med julebaksten sin, fortel ho.

Til toppen