STOR KAMP: Sogndal sitt jenter 16-lag får litt å bryna seg på mot Vålerenga i åttandedelsfinalen i NM laurdag ettermiddag.
STOR KAMP: Sogndal sitt jenter 16-lag får litt å bryna seg på mot Vålerenga i åttandedelsfinalen i NM laurdag ettermiddag. (Bilde: Privat)

Dei skal møta Vålerenga i NM-kamp

Og medlemmar frå Klanen skal streama kampen.

Laurdag er det klart for åttededelsfinale i NM-fotball for J16, og då tek Sogndal imot Vålerenga på Fosshaugane Campus.

– Eit Oslo-lag med to landslagsspelarar der begge har hatt innhopp i Toppserien for kvinner, Celin Bizet Ildhusøy og Emilie L. Østerås. Far til Celin spelte forøvrig ein lang periode i Førde og Florø på 90-talet.

– Elles spelar jo sogndalsjenta Synne Sofie Christiansen for Vålerenga i Toppserien, så kanskje ho kan kviskra noko lurt i øyra til trenar Jan Rune Årøy og Co, seier ein av trenarane for laget, Jon Navarsete.

Sogndalsjentene har hatt ein flott sesong så langt med kvartfinale i Norway Cup som toppen. Men at det kan bli ein tøff batalje mot Enga, er ikkje Navarsete i tvil om.

– Laget slit med skadar på eit par viktige spelarar, men det er godt håp om at dei stiller fulltalige mot Vålerenga. Uansett, Sogndal kjem til å satsa alt på avansement. Spelarar som Kristin Bergheim Lykkeslett, Amalie Sjøvoll Hauglund, Vilde S. Nornes, Lina Stalheim Seldal og Helena Træland Navarsete vil nok gje Vålerenga solid motstand.

– No håpar jentene at mange vil finna vegen til Fosshaugane laurdag. Sogndal treng god støtte frå ein talrik heiagjeng for å klara denne utfordringa. Sogndal Fotball mot Vålerenga – det er verkeleg klang over det, avsluttar Navarsete, som også opplyser om at kampen blir streama av Klanen, supporterklubben til Vålerenga.

Til toppen