SKATTEJAKT: Erlend Apnseth, hardingfelespelar frå Jølster, Linda Gytri, trekkspelar frå Olden Stryn, Hilde Marie Holsen, trompetist frå Jølster og Øyvind Hegg-Lunde, trommis og perkusjonist frå Borgund i Lærdal gjer ei djupdykk i fylkesarkivet for å finne godbitar som skal bli til ny musikk. Foto: Andreas Eikeseth Nygjerd.
SKATTEJAKT: Erlend Apnseth, hardingfelespelar frå Jølster, Linda Gytri, trekkspelar frå Olden Stryn, Hilde Marie Holsen, trompetist frå Jølster og Øyvind Hegg-Lunde, trommis og perkusjonist frå Borgund i Lærdal gjer ei djupdykk i fylkesarkivet for å finne godbitar som skal bli til ny musikk. Foto: Andreas Eikeseth Nygjerd.

Dei skal på skattejakt blant 16 000 lydopptak

– Me pussar rett og slett støv av arvesølvet samstundes som me får smi ny musikk inspirert av det gamle, fortel Linda Gytri.

Lærdal: Med mellom anna lærdølen Øyvind Hegg-Lunde på laget skal fire musikarar frå Sogn og Fjordane utforske og leike med musikk frå fylkesarkivet si samling med meir enn 16 000 lydopptak. 

Spørsmålet er: Har Sogn og Fjordane ein eigen klang? 

– Å få gå på skattejakt blant 16 000 lydopptak er magisk i seg sjølv, så det er veldig spennande å sjå kva me klarar å skape ut frå dette. Me pussar rett og slett støv av arvesølvet samstundes som me får smi ny musikk inspirert av det gamle, fortel ein av musikarane Linda Gytri frå Stryn. 

Ulike resultat

Saman med nemnde Hegg-Lunde, Erlend Apneseth og Hilde Marie Holsen, begge frå Jølster, skal dei gjere eit djupdykk i fylkesarkivet. Der kan ein finne mykje, fortel musikkarkivar Synnøve S. Bjørset som har vore musikarar sin vegvisar.

– Ein utøvar innan jazz eller klassisk vil gjerne leite etter og høyre andre kvalitetar ved materialet enn ein folkemusikkutøvar, og det er nettopp dette som gjer det så interessant! I dette prosjektet er vi på jakt etter desse ulike perspektiva og håpar lyden av fortida også kan inspirere til å skape noko heilt nytt, fortel Bjørset.

– Opna ei dør

Dei fire musikarane i prosjektet arbeider til vanleg innan ulike musikalske landskap, og for nokre har dette prosjektet vore eit første møte med fylket sine eigne musikktradisjonar. Lærdølen Øyvind Hegg-Lunde fortel at det å dukke ned i arkivet var som å opne ei dør han ikkje var klar over fanst.

– Her fann eg musikk me sjeldan høyrer rundt oss lengre. Likevel gir alle opptaka ei oppleving på eitt eller anna nivå. Det kan vere ei fantastisk estetisk oppleving, eller det kan vere ei sterk historie som gjer inntrykk. Som musikar vil ein alltid fortelje noko med det ein lagar, så her ligg jo mykje av forteljinga allereie, seier han.

Skal spele på Førdefestivalen

Musikarane si tolking av musikkarven vår får du høyre på Førdefestivalen fredag 7. juli. På konserten Arvesølvet 2017 får publikum nyte både lyden av fortida og heilt nylaga musikk.

– Dette er eit veldig spennande prosjekt som me tente umiddelbart på, fortel direktør for festivalen, Hilde Bjørkum.

– Førdefestivalen er både global og lokal, og dette er eit flott døme på korleis me kan ta vår eigen musikkarv inn i framtida!

Prosjektet er eit samarbeid mellom Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane og Førdefestivalen, og er støtta av Norsk kulturråd og Fond for utøvende kunstnere.

Til toppen