FAGMØBLER: Eilert Olsen, Line Moen og Oddny Karin Børtnes har gått saman om å få Fagmøbler til å etablere seg i Årdal. Viss alt går etter planen, opnar dei dørene i løpet av mai. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
FAGMØBLER: Eilert Olsen, Line Moen og Oddny Karin Børtnes har gått saman om å få Fagmøbler til å etablere seg i Årdal. Viss alt går etter planen, opnar dei dørene i løpet av mai. Foto: Truls Grane Sylvarnes. (Foto: Truls Grane Sylvarnes/arkiv)

Dei skal satsa på møblar i Årdal

Eilert Olsen, Line Moen og Oddny Karin Børtnes startar opp med Fagmøblar i gamle Domus-bygget.

Årdal: Dersom alt går som det skal, opnar dei dørene til den nye Fagmøbler-butikken i mai. Det er Olsen, Moen og Børtnes som står som eigarar, og så skal det tilsetjast ein dagleg leiar og ein eller to tilsette til å drive butikken.

– Det er fleire grunnar til at me valte Fagmøbler. Dei har ein lokal administrasjon i Sandane, så heile leiinga sit der. Me har hatt ein god dialog. I dag er det 67 butikkar i Noreg, og det er eit selskap i vekst, seier Line Moen.

Det betyr at årdølene ikkje lenger må ut av bygda for å handle møblar. Dette er eit område kommunen opplever stor handelslekkasje på, og ved å starte møbelbutikk håpar dei å begrense lekkasjen. 

1200 kvadratmeter med butikk

Det var Eilert Olsen som sette i gang med tankane om ein møbelbutikk. Etter å ha kartlagt den store handelslekkasjen med god hjelp frå Årdal Utvikling, bestemte han seg for å satse på dette. Han er også medeigar i bygget.

– Eg kom inn i bygget for halvanna år sidan og har lenge lurt på kva eg skal ha her. Eg er glad for at me har landa på dette. Me har hatt mange idear, og dersom me hadde gått får dei, hadde me ikkje fått til dette fordi me hadde øydelagt lokalet, seier han.

I første etasje i dag er det berre Årdal Boligbyggelag og Vinmonopolet som held til. Det betyr at det ikkje er noko problem å setje av 1200 kvadratmeter til den nye møbelforretninga. Inngangen vil vere der han er i dag, og sjølve forretninga vil liggje der som Domus var og innover i lokale der Mega heldt til.

Dei tre opprettar eit frittståande selskap som er med i ei landsdekkande kjeda, ei løysing dei er veldig nøgde med. Denne avtalen kom på plass nyleg. 

Meir aktivitet i sentrum

Bygninga i seg sjølv har gjennomgått store forandringar det siste året. Etter å ha stått tomt ein periode då Coop flytta over i det nye senteret, er det mellom anna laga til ny rockescene, i tillegg til at Årdal Boligbyggelag også leiger her. No blir det altså endå meir liv i sentrum i Øvre Årdal.

– Ein ting er at det manglar møbelbutikk i bygda, men det andre som er viktig for oss er nettopp lokalet. Det er fantastisk plassert midt på torget. Me synest det er viktig å ha det midt i sentrum og skapa liv der, seier Moen.

– Me har fått mykje positivitet rundt sentrum med Tya og opprustinga på andre sida av vegen med senteret, og forhåpentlegvis vil det dryppe litt på alle, legg Oddny Karin Børtnes til.

Møblar for alle

Roy Seime i Fagmøbler forklarar kvifor dei sa ja til å vera med på ei etablering i Årdal.

– Me synest det er veldig spennande at dei søkte. Dei hadde ein god søknad med ein god analyse av marknaden, og me fann ut at det var marknad for å starte i Årdal. Det var veldig spennande tankar dei kom med, og det er tydeleg at dei har vore borti business før, seier han.

Han fortel vidare at Fagmøbler ikkje rettar seg mot ei spesiell kundegruppe, men kan tilby møblar til alle og einkvar. 

Til toppen