PÅ VAKT: Denne gjengen frå Norsk Folkehjelp Årdal passar på at folk er trygge i påskefjellet. Frå venstre: Stian Unhjem, Andreas Veheim, Kjell Steffen Moen, Jo Blikken, Kjell Arne Solheim, Rune Blikken, Monica Nytun.
PÅ VAKT: Denne gjengen frå Norsk Folkehjelp Årdal passar på at folk er trygge i påskefjellet. Frå venstre: Stian Unhjem, Andreas Veheim, Kjell Steffen Moen, Jo Blikken, Kjell Arne Solheim, Rune Blikken, Monica Nytun.

Dei skal sørge for tryggleiken i påskefjellet

Påska er høgsesong for skiturar i fjellet. Både i Årdal og i Sogndal er beredskapen teken vare på gjennom heile høgtida.

Årdal/Sogndal: Kombinasjonen av mykje folk og gjerne ein større andel uerfarne fjellgangarar gjer at sjansen aukar for at uhell kan skje i påska.

Norsk Folkehjelp Årdal har beredskap frå hytta på Tyinosen, medan Sogndal Røde Kors Hjelpekors held vakt i Sogndal Skisenter Hodlekve gjennom heile påska.

– Viss det skulle skje noko ute i fjellet, så er me tilgjengelege og kan bistå med både utstyr og mannskap i dei fleste samanhengar. Me er i nærleiken til det meste, har snøskutarar klare og kan reagera på kort varsel, seier Andreas Veheim, ein av ni som held vakt på Tyinosen i dag, onsdag.

Les også: Skredkurs kan redde liv
Les også: – På Skogadalsbøen er det perfekte skitilhøve

– NYT PÅSKEFJELLET: Kjetil Hilleren i Sogndal Røde Kors hjelpekorps oppmodar folk til å kose seg i påskefjellet.
– NYT PÅSKEFJELLET: Kjetil Hilleren i Sogndal Røde Kors hjelpekorps oppmodar folk til å kose seg i påskefjellet.

Roleg påske til no

I tillegg til å sørge for tryggleiken tilbyr dei seg òg å køyre varer med snøskuter for hyttefolket.

– Kva er den typiske oppdraget i påska?

– Det kan vera alt i frå at noko dett på ski og får ei skulder ut av ledd, til at eit barn har brent seg på noko inne i hytta. Det kan eigentleg vera det meste. No har det ikkje vore nokon store oppdrag hittil i påska, det har eigentleg vore ganske roleg, seier Veheim.

I Sogndal er det hjelpekorpset som har ansvaret for beredskapen ved skisenteret i Hodlekve. I tillegg til å halde vakt i beredskapshytta prøver dei å vere ute i bakken og synlege blant folk.

– Det er ferie og fleire folk som reiser til fjells og nyt moglegheita til å koma seg på ski. Då lyt me prøva å vera til stades der folk er og vere tilgjengelege viss det er behov for det, seier Kjetil Hilleren, leiar i Sogndal Røde Kors hjelpekorps.

– Folk lyt få kosa seg

Dei har eit lag på ti personar som står klare til å handtere det som skulle komme til å skje.

– Eit typisk oppdrag kan vera alt frå å dele ut gnagsårplaster, til å frakta folk som har dotte og øydelagt seg utanfor løypa med ulike variantar av brot. Så det er store variasjonar, seier Hilleren.

Han vil likevel ikkje rette ein åtvarande peikefinger til dei som har tenkt seg på ski i ferien.

– Folk lyt få kosa seg i fjellet og ta dei vurderingane dei treng sjølve. Eg reknar med at folk greier å ferdast trygt på eiga hand, seier Hilleren.

Til toppen