Oslo: Jentelaget til Sogndal i 14-årsklassa tok seg til åttandedelsfinalen i a-sluttspelet etter 3-0-siger mot Giv Akt/Spangereid - klokka 2030 onsdag kveld ventar palestinsk motstand i form av Paces Girls.
Det kvite gutelaget til Sogndal i 14-årsklassa skal ut i 16-delsfinale i B-sluttspelet onsdag klokka 20 mot Sandane etter 3-0-siger mot Giv Akt/Spangereid før på dagen.
Det svarte gutelaget i same klasse tok seg vidare med 3-0-siger i 32-delsfinalen mot Bremnes onsdag, og klokka 20 på kvelden ventar Løten i 16-delsfinale.
Eitt jotunlag vidare, to ut
Jotun sitt jentelag i 14-årsklassa er også vidare i B-sluttspelet etter 1-0-siger mot Svolvær onsdag, i åttandedelsfinalen onsdag kveld klokka 2030 ventar Fossum IF Skien.
Begge gutelaga til Jotun rauk ut onsdag; G13-laget mot Junior Football Academy Kathmandu frå Nepal i 16-delsfinalen i B-sluttspelet, G14-laget i 32-delsfinalen i A-sluttspelet mot Isfjorden der det vart eit surt tap på straffekonkurranse, 3-4.
Syril sitt jentelag vidare, gutelaget måtte gje tapt i åttandedelsfinalen
Derimot er Syril sitt jentelag i 14-årsklassa klare for åttandelsfinale i A-sluttspelet mot Blindheim klokka 2030 onsdag kveld etter 2-1-siger mot Dombås tidlegare på dagen. Også gutelaget til Syril imponerte lenge stort ved å ta seg til åttandedelsfinale i A-sluttspelet etter 6-2-siger mot Ellingsøy onsdag morgon, men i åttandelsfinalen vart det stopp med 3-2-tap for Utleira.
Bjørn sitt gutelag i 14-årsklassa kom til 16-delsfinalen i B-sluttspelet, men tapte her relativt klart 1-12 for Surnadal/Søya/Todalen onsdag.
Kaupanger sitt jentelag i 15/16-årsklassa vann til slutt eit durabeleg oppgjer mot Fron 5-4 i 16-delsfinalen i B-sluttspelet onsdag kveld, dei møter Eidanger i åttandedelsfinale torsdag føremiddag.
Sogndal sitt jentelag i 15/16-årsklassa spelar 16-delsfinale torsdag morgon klokka 8 mot Nardo i A-sluttspelet, Jotun sitt jentelag i 17-årsklassa spelar kvartfinale i A-sluttspelet fredag klokka 1115, men motstandar er ikkje klar enno.