SNUOPERASJON: Årdal snudde kampen mot Førde. 0-2 vart til 2-5 i andreomgang. Foto: arkiv.
SNUOPERASJON: Årdal snudde kampen mot Førde. 0-2 vart til 2-5 i andreomgang. Foto: arkiv.

Dei snudde tap til braksiger på ein knapp omgang

Årdal låg under med to mål mot Førde sine nest beste, men snudde kampen i løpet av ti magiske minutt i andreomgang. 

Førde-Årdal FK: 2-5

Det starta dårleg for årdølene i Hafstadparken. Heimelaget tok leiinga i første og dobla den drøye fem minutt ut i andreomgang.

Tre kjappe mål av Terje Kvam Øvstetun, Christian Stedje og Joachim Furseth gjorde at Årdal plutseleg leia.

Like før slutt rakna det for Førde og Årdal kunne putte to gongar til ved Marius Loftheim og Vegard Aafedt Bukve.

Med sigeren ligg Årdal på delt femteplass med åtte poeng, ti poeng opp til leiiande Stryn og Vik. 

Til toppen