BUDAPEST: Mange har teke til orde for eit betre flyktningsamarbeid mellom dei europeiske landa. Her er asylsøkjarar i Budapest som blir nekta å ta tog vidare til Austerrike og Tyskland. FOTO: Björn Kietzmann / Corbis/ Demotix FOTO: Björn Kietzmann / Corbis/ Demotix
 BUDAPEST: Mange har teke til orde for eit betre flyktningsamarbeid mellom dei europeiske landa. Her er asylsøkjarar i Budapest som blir nekta å ta tog vidare til Austerrike og Tyskland. FOTO: Björn Kietzmann / Corbis/ Demotix FOTO: Björn Kietzmann / Corbis/ Demotix

Dei som flyktar til Noreg

Verda har ikkje sett så mange flyktningar sidan andre verdskrigen. Kven er det som kjem til Noreg?

Ein flyktning er, ifølgje FNs flyktningkonvensjon frå 1951, ein person som har flykta frå heimlandet sitt og med rette fryktar forfølging på grunn av rase, religion, nasjonalitet, politisk oppfatning eller tilhøyrsle til ei bestemt sosial gruppe.

I 2014 søkte snautt 11.500 personar asyl i Noreg. 7.540 av dei fekk opphaldsløyve fordi dei blei godkjende som flyktningar, eller på humanitært grunnlag, viser tal frå UDI. Dei fleste kom frå Eritrea, Syria og Somalia, der høvesvis 2.371, 1.438 og 950 personar fekk søknadene sine behandla.

– Det store fleirtalet no er syrarar, fortel Pål Nesse, seniorrådgjevar i Flyktninghjelpen.

Ved utgangen av juli hadde det kome 87 fleire syrarar enn i fjor. Det samla asylsøkjartalet hadde likevel gått litt ned samanlikna med 2014.

– Men vi kan venta at det kjem fleire asylsøkjarar det andre halvåret, på grunn av det vi no ser i Europa, seier Nesse.

Må kryssa ei grense

I 2015 skal kommunane tilby plass for 10.000 flyktningar. 2.000 av dei er reservert for syriske kvoteflyktningar; personar FNs høgkommissær for flyktningar (UNHCR) har vurdert som flyktningar, men som ikkje kan tilbydast ei varig løysing i landet dei er i. Eigentleg må personen ha kryssa ei internasjonalt kjend landegrense, og eller vera i Noreg eller på norsk grense, for å oppfylla flyktningkriteria og søkja asyl her. Internt fordrivne kan slik hamna utanfor.

Artikkelen held fram under biletet

MIDDELHAVET: Det norske skipet Siem Pilot redda i august over 600 migrantar frå to trebåtar i Middelhavet.
MIDDELHAVET: Det norske skipet Siem Pilot redda i august over 600 migrantar frå to trebåtar i Middelhavet.

– Til dømes kurdarar i Mosul som flyktar til Nord-Irak på grunn av IS, nemner Ann-Magrit Austenå, generalsekretær i Norsk Organisasjon for Asylsøkere (NOAS).

I Noreg har det likevel vore usemje om bruken av flyktningomgrepet, ifølgje Kristian Andenæs, professor ved Institutt for kriminologi og rettssosiologi, Universitetet i Oslo.

– Kritikarane meiner at forståinga av omgrepet i periodar har vore for streng, seier han.

To tredelar menn

Ifølgje Verdserklæringa om menneskerettane har alle personar rett til å søkja vern mot forfølging (asyl). Viss han eller ho – om lag 2/3 av asylsøkjarane til Noreg er menn – oppfyller vilkåra for flyktningstatus, har personen rett til asyl.

Ifølgje Utlendingsnemnda (UNE),vil ikkje naturkatastrofar, svolt og vanskelege levevilkår i heimlandet gje rett til flyktningstatus.

– Vi er ikkje kjende med at asylsøkjarar i Noreg har blitt innvilga opphaldsløyve åleine på grunn av naturkatastrofar eller liknande på heimstaden, seier Dag Bærvahr, fagsjef i asylavdelinga i UDI.

Dei aller fleste flyktningane blir buande i landet. 85 prosent av flyktningane som kom til Noreg i perioden 1990– 2014, budde framleis i landet ved utgangen av 2014, viser tal frå SSB. Ved inngangen til 2015 budde det 188.100 personar med flyktningbakgrunn i Noreg. Dei utgjorde 3,6 prosent av Noregs befolkning og 28 prosent av alle innvandrarane. Samla er det framleis flest frå Somalia, i alt 26.100 personar, deretter 20.600 personar Irak og 14.000 frå Eritrea.

Andre land

Samanlikna med tilhøva i Noreg, tok Italia formelt imot 139.464 asylsøkjarar i 2014. Av desse fekk 20.582 opphaldsløyve. Hellas på si side gav i fjor berre asyl til 3.850 av dei 42.233 flyktningane som kom, alt ifølgje tal frå den årlege rapporten til Flyktninghjelpen, Flyktningregnskapet 2015.

Artikkelen held fram under biletet

MIDDELHAVET: Det norske skipet Siem Pilot redda i august over 600 migrantar frå to trebåtar i Middelhavet.
MIDDELHAVET: Det norske skipet Siem Pilot redda i august over 600 migrantar frå to trebåtar i Middelhavet.

Ifølgje Dublin-avtalen skal søknaden behandlast av det første landet asylsøkjaren kjem til. Dublin-samarbeidet omfattar EU-landa, Noreg, Sveits, Island og Liechtenstein. Men ifølgje Nesse blir ikkje alle personar som ville hatt rett til asyl i Hellas og Italia, registrerte.

– Mange flyktningar vil reisa vidare. Så har begge landa sett ein annan veg, seier han.

Fleire stemmer har framheva at dei europeiske landa burde samarbeida betre om flyktningspørsmål, og at noko må gjerast for å få bukt med livsfarlege flyktningruter.

– Det kan opnast for å søkja vern hos ambassadar og konsulat til trygge land. Alternativt kan det opnast for ulike typar humanitære visa, som gjer det mogleg for flyktningar å reisa lovleg til trygge land for å søkja om vern, seier Austenå i NOAS.
Nesse meiner ikkje det er eit problem at det kjem litt fleire også til Noreg.

– Asylsøkjarar er ikkje eit tal ein kan vedta, det er dei som kjem. Når behovet for vern er der, skal dei få vern, seier han.

 (©NPK)
 

Til toppen