FØRST UTE: Her er gjengen bak årets første julekonsert i Sogndal: Sindri Eydal Fridriksson (gitar), Kjell Olav Høstaker Nordheim, Børge Vatlestad (piano), Arild Slinde (kykjeorgel og obo), musikalsk leiar Mats Vatlestad (tangentar) og Amund Stokke (bass). Foto: Sogndal musikkforum.
FØRST UTE: Her er gjengen bak årets første julekonsert i Sogndal: Sindri Eydal Fridriksson (gitar), Kjell Olav Høstaker Nordheim, Børge Vatlestad (piano), Arild Slinde (kykjeorgel og obo), musikalsk leiar Mats Vatlestad (tangentar) og Amund Stokke (bass). Foto: Sogndal musikkforum.

Dei sparkar i gong sesongen med julekonsertar

Musikk er ein viktig ingrediens for å få opp julestemninga. I Sogndal kan folk velje og vrake i tilbod i adventstida.

Sogndal: Julekonsertane kjem på rekkje og rad og folk i Sogndal har verkeleg mykje å gle seg til. Allereie neste laurdag er dei ivrigaste klare med første førestilling og det før kalendaren har bikka desember.

– Det er første helga i advent, då er det på tide å komme i gong, seier Terje Vatlestad, ein av arrangørane av Heilage Jolehelg.

Bak konserten står mange av dei same folka som skapte Desembernatt. Med artistar som mellom anna Tone Damli og Sigrid Moldestad fylte dei benkeradene i Stedje kyrkje fleire år på rad. I år er konseptet litt anleis, samstundes som dei lokale talenta tek større plass. Difor det nye namnet.

Les også: Håpar på langt over 1000 årdøler når julegrana blir tent

– Kyrkjemusikken betyr mykje

Repertoaret er henta frå den nye salmeboka frå 2013, som kombinerer dei tradisjonsrike salmene med vår tids favorittartistar som Odd Nordstoga og Bjørn Eidsvåg. 

– Det blir ein litt stillare konsert og med eit ansamble som spelar utan trommer. Så det blir ikkje den rocketøtsjen. I år er det jul og advent som står sentralt, seier Vatlestad.

– Kyrkjemusikken følgjer oss gjennom heile året. Nokon av oss merkar det fordi vi er ofte i kyrkja, men at det betyr mykje for mange, det merkar vi veldig godt når høgtidene nærmar seg, seier prest Kjell Olav Høstaker Nordheim.

Tøff konkurranse om publikum

Han har ansvaret for å sy saman programmet med nokre oppløftande ord mellom dei musikalske innslaga.

– Der sydar det framleis under topploket. Men først og fremst har eg tenkt å bruka innhaldet i dei ulike sangtekstane som satsplankar for ulike refleksjonar, seia nokon ord om det å vera menneske og høyra i saman med andre. Kva er det som samlar oss, kor kan me finna varme hos kvarandre, det er ting eg trur mange tenkjer på når høgtida nærmar seg, seier presten. 

Med seks julekonsertar og ei danseførestilling er det stor konkurranse om å få selt bilettar. Som arrangør innrømmer Vatlestad at det er utfordrande, men for publikum er det utelukkande eit pluss.

– Eg har tenkt å få med meg dei fleste som er på plakaten i Sogndal og eg gler meg til kvar einaste av dei, seier han.

 

Julekonsertar i Sogndal:

Namn Stad Dato Artistar
Heilage Jolehelg Stedje kyrkje 26. november Lokale talent
Vestlandsjul Stedje kyrkje 8. desember Olav Stedje og Egil Eldøen
Julesong Sogndal kulturhus 10. desember Tone Damli, Einar Bolstad, Kari Malmanger og Gunn Marit Kvåle.
Julesong, ekstrakonsert Sogndal kulturhus 11. desember Tone Damli, Einar Bolstad, Kari Malmanger og Gunn Marit Kvåle.
Elevførestilling: Disneys jul Sogndal kulturhus 12. desember Dans utan grenser Sogndal
Lys imot mørketida Blaoboxen, kulturhuset 14. desember Sogndal songlag, Røyst og unge lokale talent frå kulturskulen
Vintersong Sogndal kulturhus 16. desember Sigrid Moldestad
Julekonsert Stedje kyrkje 18. desember Med korps, kor med meir.
       
Til toppen