SPELAR PÅ HØGT NIVÅ: Odd Harald Larsen og Lisa Horpen var to av fleire frå skulemusikken som òg var med og spela i janitsjarkorpset seinare ut i julekonserten.
SPELAR PÅ HØGT NIVÅ: Odd Harald Larsen og Lisa Horpen var to av fleire frå skulemusikken som òg var med og spela i janitsjarkorpset seinare ut i julekonserten. ( Snorre Sandemose)

Dei spela både i skulemusikken og i janitsjarkorpset på julekonserten 

Kornettspelarane Odd Harald Larsen og Lisa Horpen var to av fleire frå skulemusikken som òg spelte i det godt vaksne korpset sine nummer. 

Årdal: – Eg tykte det lét veldig fint i dag når me spela, seier Lisa Horpen. 

Skulemusikken spela tre melodiøse stykke og imponerte mange i kyrkja. 

Fleire av elevane var òg å finna i janitsjarkorpset seinare ut på kvelden, mellom dei Lisa Horpen og Odd Harald Larsen. 

Spesialordning på Farnes skule gjorde dei flinkare på kornett

– Korleis har de alt no vorte so flinke at de kan gå i janitsjarkorpset òg?

– Eg trur det har mykje å seia at me fekk ha korpsøving i musikktimane i 10.-klasse. Dirigenten vår, Sigyn Øren, sette eigen karakter som me fekk på vitnemålet, seier Lisa Horpen.

SAMSTEMT GJENG: Sigyn Øren frå kulturskulen dirigerer skulemusikken under julekonseten i Farnes kyrkje. Lisa Horpen er bak litt til venstre på biletetet, medan Odd Harald Larsen er bortgøymd. 
SAMSTEMT GJENG: Sigyn Øren frå kulturskulen dirigerer skulemusikken under julekonseten i Farnes kyrkje. Lisa Horpen er bak litt til venstre på biletetet, medan Odd Harald Larsen er bortgøymd.  Bilde:Snorre Sandemose

Ho har flytt til Sogndal for å byrja på vidaregåande skule, men spelar framleis i Farnes skulemusikk når ho kan. 

Odd Harald Larsen går for tida i tiande klasse på Farnes skule. Han får òg undervisning i janitsjarband ein gong i veka i skuletida. Han får sett karakter både til jul og på vitnemålet til sumaren. 

Siste timen kvar torsdag får dei undervising i det blåseinstrumentet som dei spelar på. 

JANITSJARORKESTERET: Helge Øren dirigerer. Denne gongen er det Odd Harald Larsen som synest litt bak til venstre, medan Lisa Horpen er bortgøymd på biletet.
JANITSJARORKESTERET: Helge Øren dirigerer. Denne gongen er det Odd Harald Larsen som synest litt bak til venstre, medan Lisa Horpen er bortgøymd på biletet. Bilde: Snorre Sandemose  

– Eg synest det er veldig moro. Sigyn finn songar som me likar og kjenner att og det gjer det endå gøyare å øva på songane, held Larsen fram. 

Janitsjar er vanskelegare

Horpen fortel at dei lyt øva meir i janitsjarorkesteret, og so er det oftare konsertar. Neste konsert er alt i januar.

Odd Harald Larsen skyt inn at dei ikkje berre lyt øva inn fleire songar i janitsjarkorpset, kvar einskilde av dei er vanskelegare òg: 

– Me spelar songar som har høgare tonar, og det er vanskelegare.

 Du må stramma leppene meir og det er vanskelegare å få til tonane, supplerer Horpen.

IMPONERT: Johanna Janson er undervisningsinspektør på Farnes skule og er glad for ordninga med at elevar kan spela blåseinstrument i skuletida. Ho tykte skulemusikken lét like fint som janitsjarkorpset på julekonserten.
IMPONERT: Johanna Janson er undervisningsinspektør på Farnes skule og er glad for ordninga med at elevar kan spela blåseinstrument i skuletida. Ho tykte skulemusikken lét like fint som janitsjarkorpset på julekonserten. Bilde: Snorre Sandemose 

Begge likar at janitsjaren er meir utfordrande. Men dei understrekar at skulemusikken framleis er veldig moro å vera med i og betyr mykje for dei. 

Han betyr veldig mykje for trivselen her i Årdal. Me ungdomane i korps får tette band til einannan, seier Horpen.

–  Og det er kjekt å få mange vener i ulik alder, legg Larsen til, ettersom ein møter so mange andre musikantar på forskjellige konsertar og tilstellingar.

Til toppen