– Vi har blitt utfordra på å ta eit spleiselag og slik vart det, seier ordførar i Sogndal, Jarle Aarvoll.
Lærdal og Sogndal er gode naboar, men ikkje alt har gått knirkefritt mellom dei to. Til dømes var kollapsen i forhandlingane om kommunesamanslåing eit teikn på at ikkje alt er rosenrødt.
I tillegg er det nok ei oppfatning i Lærdal at sogndølene er vel opptekne av å greie seg sjølve. Det fell mange tungt for brystet at Sogndal valde å satse på eigen legevakt og akuttsenger, i staden for å støtte opp om det lokalmedisinske senteret i Lærdal.
Men når eit samla politisk miljø i Sogndal går inn for å støtte ny MR-maskin ved Lærdal sjukehus, og det med 800.000 kroner, viser det at uvilja ikkje stikker djupt. Om nokon skulle ha trudd det.
– Det er litt synd at enkelte har den oppfatninga. Men vedtaket i formannskapet viser at me er villige til å bidra i spleiselaget, seier Senea Sabanovic i Sogndal Arbeidarparti.
Ole-Mathias Nes (Sp) meiner politikarane var nøydde til å bli med på spleiselaget. Han trur heile regionen vil nyte godt av å få på plass ei slik maskin.
– Eg håpar at Sogndal har eit godt image i Lærdal. Dei som leiter vil alltid finne noko vi kranglar om, men stort sett er vi einige i dei store linjene. Og det blir viktig framover, for vi har mange felles kampar å kjempe, seier han.