STARTAR NYTT GRAVFERDSBYRÅ I ÅRDAL: F.v., Trond Vegard Sætre og Glenn Årdal Vikøyr i dei nye lokala i Øvre Årdal.
STARTAR NYTT GRAVFERDSBYRÅ I ÅRDAL: F.v., Trond Vegard Sætre og Glenn Årdal Vikøyr i dei nye lokala i Øvre Årdal. (Foto: Snorre Sandemose)

Dei startar gravferdsbyrå i Årdal

Skal samarbeida med lokalt næringsliv. 

Årdal: – Eg har fått høyra frå folk eg kjenner i Årdal at det har vore behov for eit gravferdsbyrå både her i bygda og generelt på sørsida inst i Sognefjorden, seier Glenn Årdal Vikøyr. 

Saman med Trond Wegard Sætre starta bergensaren opp Årdal og omegn gravferdsbyrå på torsdag. Frå før av driv han to byrå i Bergen og eitt i Austevoll utanfor byen. 

No ser dei føre seg at byrået i Årdal skal nå ut til heile kommunen og til nærliggjande kommunar. 

Positivt med unge tilsette

Utanom seg sjølve skal dei ha to tilsette i verksemda. 

– Eg tenkjer dette er ein fin jobb å ha frå du er tjue år gamal og oppover. Det er ein fin jobb for ungdom.

Han legg til at det er viktig at medarbeidarane får skikkeleg oppfylgjing. Ikkje minst er det viktig at dei tilsette vert trygge på å henta dei nyleg avlidne og stella dei.

– Det er ein del unge som kvir seg med å jobba med dette, men når dei fyrst kjem inn dørene og me får synt dei korleis det er å jobba her, so vert dei ikkje lenger so skeptiske. Etter kvart ser dei at det ikkje er so farleg å jobba med døden. 

Jobben er allsidig. Ein snakkar med pårørande om blomar, kiste og seremoni. Og so er det mykje å hugsa på, både med å planleggja seremoniane, lysa ut dødsfallet i avisa og ordna med papir som skal sendast inn til det offentlege. 

– I fyrstninga kan det verka skummelt å arbeida med døden. Men det er ikkje det. Døden er heilt naturleg, han er ikkje noko å vera redd for, seier Vikøyr. 

FRÅ OS: Her er eit av hjørna i lokalet deira på torget i Øvre Årdal. Kistene kjøper dei inn frå ein leverandør i Os i Hordaland.  Foto: Snorre Sandemose

– Ein vert minna på kor snøgt det kan gå her i livet

Sjølv synest Vikøyr at jobben i gravferdsbyrå er veldig gjevande. 

– Du hjelper folk i ein sårbar situasjon. Det er fint å vera der og vera til støtte.

Vikøyr vedgår at han tenkte ein god del på døden det fyrste året han jobba i gravferdsbransjen. Men etter kvart har ikkje jobben påverka tankane hans so mykje.  

– Eg vert jo minna på kor snøgt det kan gå her i livet. Det kan stundom gå veldig fort frå ein person oppdagar sjukdom og til han døyr.

På den andre sida ser han òg korleis døden kan vera noko frigjerande for mange som er sjuke og gamle. 

– Stundom etter lengre sjukelege når det går nedover og nedover, so er det ikkje so kjekt. Mange synest då at det er positivt at livet ebbar ut. 

Vil at byrået skal vera moderne

Vikøyr seier det skjer mykje på gravferdsfronten stadig vekk, og at byrået vil leggja vekt på å tilby nye gravferdsløysingar attåt dei meir tradisjonelle. 

Songhefta skal verta trykte av Printfarm i Årdal, medan Hestetun gartneri skal stå for blomane.

Til toppen