SETT PRIS PÅ: Egil Eldegard, Julia Bruheim og Helge Moen fekk blomar og takksemd frå ordførar Arild Ingar Lægreid onsdag. Dei tre overlet no ansvaret for eldresenteret i Øvre Årdal til nye ansikt. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
SETT PRIS PÅ: Egil Eldegard, Julia Bruheim og Helge Moen fekk blomar og takksemd frå ordførar Arild Ingar Lægreid onsdag. Dei tre overlet no ansvaret for eldresenteret i Øvre Årdal til nye ansikt. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Dei takkar for seg og slepp nye kostar til i eldresenteret

Etter ei årrekkje i bresjen for eldresenteret i Øvre Årdal trer Helge Moen, Julia Bruheim og Egil Eldegard av og slepp nye krefter til.

Øvre Årdal: Tysdag var ordføraren i kommunen på plass for å dele ut blomster og hedre til dei tre som har lagt ned hundrevis av timar for eldresenteret. 

– Det er snart ti år sidan kommunen slutta med ein kommunal ressurs inn i eldresentera. Då vart det oppretta eit brukarråd som tok på seg ansvaret for å drifta dette vidare. Dei har lenge signalisert at dei ønskjer avløysing, og no har me jobba lenge for å få på plass nye krefter, seier Arild Ingar Lægreid, som takkar dei tre for innsatsen.

– Det er voldsomt viktig at dette tilbodet lever vidare, legg han til.

TEK OVER: Kjell Arvid Heen og Steinar Drægni er blant dei nye som skal styre eldresenteret inn i framtida.
TEK OVER: Kjell Arvid Heen og Steinar Drægni er blant dei nye som skal styre eldresenteret inn i framtida.

Nye og fleire kostar i brukarrådet

Å drive eldresenter på Årdalstangen og i Øvre Årdal er ikkje ei lovpålagt oppgåve, men ingen er i tvil om at dette er eit viktig tilbod å halde på for ei gruppe som i framtida berre vil bli større.

No vert brukarrådet i Øvre Årdal auka til fem personar med Steinar Drægni som kontaktperson. Med seg får han leiar i eldrerådet, Kjell Arvid Heen, leiar i Pensjonistlaget, Odd Øvregard, og elles Lars Røysi og Bodil Moen, medan Tove Øvregard er kasserar.

Eldrerådet og Pensjonistlaget har i lengre tid jobba med å få på plass nye krefter. No er dei klare til å ta eldresenteret inn i framtida med endå fleire aktivitetar.

– Me legg om drifta litt ved å utvide staben litt slik at me får fleire å spele på. Me har ti stykk på papiret no som skal vera med, og så kjem me til å setja opp lister og turnusar og vera mykje til stades, seier Øvregard.

Ein viktig møteplass

Dei er klinkande klare på at eldresenteret spelar ei viktig rolle i lokalsamfunnet, noko Helga Søgnen la vekt på då ho reiste seg for å fortelja kva tilbodet betyr for ho. 

– Det er så flott å koma hit og snakka med folk om alt mogleg. Det er ikkje rart enkelte byrjar å snakka med seg sjølv. Å sitja inne heile dagen er livsfarleg, sa ho og meinte at eldresenteret også bidrog til bete helse hjå eldre.

VIKTIG: Ordføraren var klar på at eldresenter er eit viktig tilbod som skal bestå også i framtida.
VIKTIG: Ordføraren var klar på at eldresenter er eit viktig tilbod som skal bestå også i framtida.

Det oppfatninga deler ordføraren.

– Det er viktig med eldresenter fordi det er ei gruppe som kanskje ikkje kjem seg ut andre plassar. Då kan dei koma hit nokre dagar i veka og treffa andre personar. Ein har nokre som sit heime åleine, men då kan dei i staden koma hit. Eldresenter har me hatt i alle år i Årdal, og det har me tenkt å halde fram med, seier Lægreid.

Mange idear

Det «nye» eldresenteret i Øvre Årdal vil no få eit utvida tilbod.

– Me har mange spennande planar. Me tenkjer at me kan køyra kurs, der me kan hjelpa eldre å bli betre kjende med den digitale verda. I tillegg har me ei Facebook-gruppe der folk deler gamle historiske bilete og historier. Ved å gå til innkjøp av eit lerret og datamaskin, kan me syne fram dette fordi eg veit det er mange som interesserer seg i slikt. I tillegg vil me gjerne nytta Sogelaget til arrangement, seier Øvregard.

Til toppen