MYKJE Å HALDE STYR PÅ: Oda Johnsen Longvanes (25) og Helene Rogne (20) frå CISV Sogn og Fjordane er vertskap for dei over seksti deltakarane på barneleiren.
MYKJE Å HALDE STYR PÅ: Oda Johnsen Longvanes (25) og Helene Rogne (20) frå CISV Sogn og Fjordane er vertskap for dei over seksti deltakarane på barneleiren.

Dei tek imot heile verda på Kaupanger

Over seksti ungar og vaksne frå fjorten nasjonar deltek denne månaden på ein internasjonal barneleir på Kaupanger. Håpet er at venskap over landegrensene vil skape ei fredelegare verd.

Kaupanger: Oda Johnsen Longvanes (25) og Helene Rogne (20) frå Sogndal bur og deltek på leiren, samstundes som dei har ansvaret for organiseringa. 

– Det er veldig kjekt, men slitsamt, seier leirsjef Oda Johnsen Longvanes.

GLOBALE VENSKAP: Deltakarane på leiren kjem frå Brasil, Canada, Costa Rica, Frankrike, Ungarn, India, Indonesia, Mexico, Portugal, Spania, USA, Danmark, Italia og Norge. Dei har no ein heil månad på å bli kjent med kvarandre.
GLOBALE VENSKAP: Deltakarane på leiren kjem frå Brasil, Canada, Costa Rica, Frankrike, Ungarn, India, Indonesia, Mexico, Portugal, Spania, USA, Danmark, Italia og Norge. Dei har no ein heil månad på å bli kjent med kvarandre.

Skal lære om andre kulturar

CISV Sogn og Fjordane har dei siste tjue åra sendt meir enn tre hundre barn og unge ut i verda. I år er det deira tur til å halde leir, noko dei er forplikta til å gjere med jamne mellomrom.

Oda Johnsen Longvanes var første gong på leir til Maine i USA då ho var elleve år gamal. Sidan har ho gått gradene og er no ein av dei frivillige i organisasjonen.

Ho merkar at ungane blir tryggare og meir reflekterte under opphaldet.

– Eg trur perspektivet deira utvidar seg veldig av å vere på ein slik leir. Dei får eit ønskje om å lære meir om verda og dei ser at det som skjer i andre land kan påverke dei sjølve, seier Johnsen Longvanes.

Får oppleve spektakulær natur

Den daglege timeplanen er spekka med aktivitetar omtrent frå dei står opp til dei går i sengs. Men sjølv om det underliggande temaet er alvorleg, er det òg tid til å berre leike og ha det kjekt.

– Vi prøver å leggje opp aktivitetane slik at det skal vere kjekt for ungane, seier Helene Rogne.

Mellom anna er det planlagt utfluktar til Lustrabadet og Nigardsbreen, samt ein minifjelltur til Hauståkernakken.

– Dei har høyrt om breane og den flotte naturen. Så når dei først kjem hit, så har vi lyst til å vise dei akkurat det. Det at vi har leiren her er berre fantastisk, for vi kan faktisk berre gå ut døra og opp på eit fjell rett bak oss, seier Rogne.

Uvant møte med norsk frukost

Lillian Benson (11) frå USA har reist langt, men merkar ikkje det store kultursjokket. Tvert om er ho overraska over kor likt det meste er og kor mange som snakkar engelsk. Det ho ser mest fram til er å bu hos ein vertsfamilie, å leike med dei andre ungane og å få sjå ein isbre.

STORTRIVST: Lillian Benson (11) frå USA ser fram til å lære om andre land og kulturar.
STORTRIVST: Lillian Benson (11) frå USA ser fram til å lære om andre land og kulturar.

– Eg håpar eg får mange nye venner og at eg får lære om andre land, seier ho.

Helene Rogne seier det stort sett er tilbakemeldingane dei får: nokre små kulturforskjellar kan det vere, men stort sett er vi alle ganske like.

Det vil seie, eitt unnatak er det kanskje likevel: den norske frukosten.

– Dei fleste her er vane med å ete varm mat til nesten kvart einaste måltid. Men vi håpar dei kan greie å halde seg til brødmat ein månad, seier Rogne.

Til toppen