LOKAL DUO: Idar Nes og Bjørn Berge frå Sogndal går saman om å drive den nye Power-butikken i Sogndal. Etter planen opnar dei dørene 29. mai. Foto: privat.
LOKAL DUO: Idar Nes og Bjørn Berge frå Sogndal går saman om å drive den nye Power-butikken i Sogndal. Etter planen opnar dei dørene 29. mai. Foto: privat.

Dei tek over når elektrobutikken i Sogndal opnar i ny drakt

Over heile landet byter Expert-butikkane namn til Power. I Sogndal skjer det med nye lokale krefter bak roret.

Sogndal: Idar Nes frå Sogndal og Bjørn Berge frå Luster gler seg til dei kan komme i gang. Duoen har gått saman om å ta over drifta av Expert-butikken på Sogningen Storsenter, som snart skiftar ham.

Opphøyrssalet skal etter planen starte i neste veke, deretter blir det stengt ei veke, før ein ny elektrobutikk vert opna 29. mai. 

– Då blir det brakopning i samband med lanseringa av den nye kjeda. Eg har fått innblikk i det som kjem, men har ikkje lov til å røpa noko enno, seier Idar Nes. 

Les også: – Expert i Sogndal kjem til å bestå​

Bjørn Berge vert butikksjef, medan Idar Nes vert dagleg leiar. Førstnemnde er utdanna radio og tv-reparatør og har brei erfaring frå bransjen. Idar Nes er eigar av XS Data & Mulitmedia, ein butikk på det same kjøpesenteret som har spesialisert seg på småelektronikk som telefonar, flatskjermar og datautstyr.

– Eg fann ut at dette var ein fin måte å komma seg inn på ein ny marknad, med kvitevarer og storhushaldning. Eg har vore i dialog tidlegare for å få til eit kjedesamarbeid, utan at det gjekk i orden. No opna moglegheita seg, seier Nes

Underskotet er kraftig redusert, men ifølgje Dagens Næringsliv har Expert gått 2,5 milliardar i minus dei siste ti åra. Namnebytet er eitt av grepa for å snu skuta.

Nes tykkjer det er spanande å få vere med på nysatsinga.

– Lovnaden frå kjeda er at dei skal vera ein meir aggressiv prispolitikk, at dei skal vera i toppskiktet på både pris og utval. Lokalt har me mål om å følgje kampanjane og ha inne varer når det er tilbod, seier han.

Til toppen