JULEGLEDE: Dei tilsette i Indre Sogn Sparebank har bestemt seg for å seie frå seg julegåva dei får av arbeidsgivar og heller gi 25 000 kroner til syriske barn på flukt, fortel Karin Vikane (nr. to f.h.). Foto: Truls Grane Sylvarnes.
JULEGLEDE: Dei tilsette i Indre Sogn Sparebank har bestemt seg for å seie frå seg julegåva dei får av arbeidsgivar og heller gi 25 000 kroner til syriske barn på flukt, fortel Karin Vikane (nr. to f.h.). Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Dei tilsette gir frå seg julegåva for å hjelpe ungar på flukt

Noreg går juletida i møte, og medan mange har det svært godt her i landet, er det ikkje alle som har det like fint. 

Årdal: Difor har dei tilsette i Indre Sogn Sparebank valt å gi 25 000 kroner til UNICEF for å hjelpa syriske barn på flukt. 

Vanlegvis ville desse kronene blitt brukt på julegåver og julehelsingar til tilsette, pensjonistar og forretningssamband, men i år bestemte dei tilsette seg for å glede nokon som treng det meir.

– Me har alltid gitt gåver til dei, men så ser me at her har me det voldsomt kjekt og greitt, og at det er andre som treng dette meir enn oss. I den situasjonen som har vore i haust med urolegheiter og ungar som treng ekstra, valte me å finna ein veldedig organisasjon for å hjelpa desse, seier Karin Vikane, som er assisterande banksjef i Indre Sogn Sparebank.

Fokus på barn

Krig i Midtausten har ført ekstremt mange menneske på flukt. Ikkje sidan 2. verdskrig har fleire menneske vore på flukt. I media har ein sett korleis dei flyktar over Middelhavet i overfylte båtar, der mange ender sine liv.

Sterke bilete av barn som har drukna eller fråskilt frå foreldra sine har vore framsidestoff i avisene og toppsaker i fjernsynet. 

– Det er klart dette går innover oss, og uansett om det er stor eller liten, gjer desse bileta inntrykk. Det er klart ungane spesielt får ekstra fokus når me ser på TV og les i avisene at mange er vekke frå foreldre eller har mista dei.

– Dette er sjølvsagt eit tiltak som fleire bedrifter og tilsette kan vurdere om dei ønskjer å bidra til. Det er gode tiltak, og medan me går juletida i møte og har det utruleg flot i Noreg, kan me kanskje tenkja på menneska rundt oss også. 

Til toppen