DOBBELT SØLV: Sogn Cykleklubb kan vere godt nøgde med innsatsen til desse to i helga. Begge tok andreplass i sine klassar under sykkelrittet Voss-Geilo.
DOBBELT SØLV: Sogn Cykleklubb kan vere godt nøgde med innsatsen til desse to i helga. Begge tok andreplass i sine klassar under sykkelrittet Voss-Geilo.

Dei to årdølene imponerer på sykkelsetet

Eirik Kinserdal og Hilde Asperheim tok heim kvar sin andreplass i sykkelritett Voss-Geilo i helga.

Dei to årdølene leverte begge imponerande prestasjonar då dei sykla Voss-Geilo over Hardangervidda i helga.

Eirik Kinserdal vart nummer tolv totalt, delt fjerdeplassen i klassen 16-19 år. Hilde Asperheim vart nummer tre totalt i dameklassen, nummer to i klassen 40-49 år.

Les også: Eirik (16) trenar 15 timar i veka på sykkel

For sykkeltalentet Eirik Kinserdal vert Øygarden sykkelfestival neste utfordring. Der skal han delta i både fellesstart og tempo.

Til toppen