Indre Sogn: I ei pressemelding melder Aurland Energiverk, Lærdal Energi og Sognekraft at dei sler saman nettselskapa sine til Sygnir AS og fiberaktiviteten til Sognekraft Fiber AS.
Nettselskapet Sygnir skal drifta og utvikla straumnettet i kommunane Vik, Sogndal, Lærdal og Aurland.
Dei tre selskapa starta dei fyrste samtalane om samanslåing for om lag to år sidan.
Det nye nettselskapet får 80 tilsette.
– Prosessen har vore lang og omfattande for å sikra eit felles mål for regionen, og for å sikra at dei tilsette vert ivaretekne. No tek vi med oss styrkane i dei tre selskapa inn i eit nytt og større, seier sjefane for dei tre selskapa.
Ei naturleg samanslåing
Administrerande direktør i Sognekraft, Terje Bakke Nævdal meinar at store samfunnsendringar og stadig større krav til nettselskapa gjer det naturleg med ei slik samanslåing.
– Saman styrkar vi kompetanse- og konkurranseevna vår, og slik greier me å halda nettleiga så låg som mogleg, seier Bakke Nævdal.
Dei tre sjefane ønsker at Sygnir skal bli ein viktig og tydeleg utviklingsaktør i regionen.
– Gjennom ein stor og sterk organisasjon sikrar vi god kompetanse for framtidig utvikling, og vi vert ein attraktiv arbeidsgjevar, seier everksjef Aurland Energiverk, Helge Morten Vangen.
Hovudkontoret vert i Vik, men Sygni skal ha kontor, basar og aktivitetar i alle kommunane. Det nye selskapet Sognekraft Fiber får hovudkontor i Lærdal.