PUB-SJAKK: Ralph Krüger og Håvard Halvorssen er klar for eit parti lynsjakk på Dampskipkaien. I bakgrunnen skimtast (frå venstre) drivar Kevin Gray, Halvor Gregusson, Bjørn Carlsen og Knut Magne Aanestad.
PUB-SJAKK: Ralph Krüger og Håvard Halvorssen er klar for eit parti lynsjakk på Dampskipkaien. I bakgrunnen skimtast (frå venstre) drivar Kevin Gray, Halvor Gregusson, Bjørn Carlsen og Knut Magne Aanestad.

Dei trur dette kan vere starten på ein sjakklubb

Ein gjeng entusiastar var måndag samla for tidenes første sjakkveld på Dampskipskaien i Sogndal. Dei håper det kan vere starten på noko større.

Sogndal: – Alle er hjarteleg velkomne til å bli med. Sjakkspelarar er kjente for å vere inkluderande, slik at dei får fleire å spele mot, seier initiativtakar Kevin Gray, mannen som driv kafèen på Dampskipskaien i Sogndal.

– Folk spelar gjerne sjakk på hytta når dei går på toppturar, så no får dei trent på det før hyttesesongen byrjar, seier Gray.

Det spontane målet som vart sett denne kvelden er å møtast fast kvar andre måndag framover. Første kvelden kom det seks personar.

– Eg trur det er ein god start. Og så var det veldig bra at det var partal, seier ein av dei frammøtte, Knut Magne Aanestad.

Les også: Her er mannen som skal drive kafeen på Dampskipskaien

Saman med Halvor Gregusson utgjer han mindretalet som faktisk har vore med i sjakklubb i barndomen.

– Det var lenge før Magnus Carslen var noko kjent. Så det var litt stas at det plutseleg vart populært med sjakk, seier Gregusson.

Han håpar at denne kvelden kan vere starten på noko større.

– Sogndal treng ein sjakklubb. No har vi ikkje starta det enno, men kanskje kjem det, seier han.

Til toppen