NÆRINGSTRANSPORT: Riksveg 52 skal fungere som hovudsamband for næringstransport har regjeringa og samarbeidspartia kome fram til. Arve Tokvam og Jan Petter Vadheim i Lærdal Næringsutvikling trur ikkje den funksjonsdelinga vil ha stort å seie og kallar det «kunstig». Foto: Truls Grane Sylvarnes.
NÆRINGSTRANSPORT: Riksveg 52 skal fungere som hovudsamband for næringstransport har regjeringa og samarbeidspartia kome fram til. Arve Tokvam og Jan Petter Vadheim i Lærdal Næringsutvikling trur ikkje den funksjonsdelinga vil ha stort å seie og kallar det «kunstig». Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Dei trur ikkje vegvalet vil ha store konsekvensar for næringslivet

At riksveg 52 skal vere hovudsamband for næringstransport, trur ikkje Lærdal Næringsutvikling vil ha konsekvensar for deira planar.

Lærdal: Måndag fortalte regjerings- og samarbeidspartia kva vegar dei vil satse på som hovudferdsleårer mellom aust og vest. Medan «alle» trudde at dei kom til å kåre ein vinnar mellom Hardangervidda og Hemsedalsfjellet, vart det i staden ein «alle skal få»-fest med satsingar på begge to og Filefjell.

Bakgrunnen er at vegane skal tene ulike funksjonar. Medan riksveg 7 skal utviklast som hovudveg for persontrafikk og turistar, skal riksveg 52 spele rolla som hovudveg for næringstransport.

– Eg tykkjer det i utgangspunktet er litt kunstig at ein skal ha anbefalingar for kor folk skal køyre. Eg veit ikkje heilt korleis dette kjem til å fungere, men eg er skeptisk til at ein gjennom ein slags status skal styra kor folk skal køyra, seier dagleg leiar i Lærdal Næringsutvikling (LNU), Arve Tokvam. 

Publikumsretta planar

Knutepunktet Håbakken i Lærdal er eit viktig område i arbeidet som LNU no legg ned for å skape arbeidsplassar. Nokre av planane er retta mot publikum og turistar.

– Ein del av satsinga er retta mot turistmarknaden, men òg mot hyttemarknaden. Eg trur turistane vert dradd mot Sogn uansett, og då er det naturleg at dei passerer knutepunktet, seier Tokvam og får støtte hjå kollega Jan Petter Vadheim.

– Eg trur turistane tek den beste vegen uansett. Det viktige no er kor pengane kjem i første omgang. Viss Hemsedal får pengane til tunnel, vil det vere heilt i tråd med dei tankane me har for Håbakken. Då vil ein få auka trafikk gjennom Lærdal, seier han. 

Må utbetringar til

Hemsedalsfjellet er allereie i dag eit foretrekt alternativ for transportnæringa, men strekninga har sine svakheiter i til dømes Hemsedal sentrum og Holesvingane. Kva må til for at ein skal forsvare å kunne kalle det eit hovudsamband for næringstransport?

– Standarden har blitt bra, men det er framleis strekningar det må gjerast løft. Eg skulle likt å sjå ein strategi som inneber godsmengdeauken som er venta å koma, seier Stein Inge Stølen, kommunikasjonsrådgivar i Norges Lastebileier-Forbund (NLF). 

– Me veit ikkje kor mykje tonn som i framtida kjem til å gå med norske og utanlandske lastebilar. I dag går ein tredjedel med utanlandske vogntog, og ein veit at det er stor forskjell på framkommelegheit. Dei realitetane er det berre å ta inn over seg.

Symboleffekt

Stølen trur og håpar at når endeleg den endeleg Nasjonale Transportplanen (NTP) kjem seinare i år, så er det med mest pengar til Hemsedalsfjellet.

– Det er ei reell bekymring for at midlane som vert sett av blir fordelt over på for mange postar. Ein kan ikkje smøra tjukt på over alt. Då blir det tynt, så eg håpar presentasjonen som vart lagt fram på Geilo er av reint politiske omsyn for å gi symboleffekt.

– All logikk tilseier at riksveg 52 må betraktast som einaste trygge alternativ heile året i mange år framover med E16 som alternativ, meiner han.

Til toppen