SER FRAM TIL NISSEFEST: Aurora og Ola. (Bilde:  Snorre Sandemose)
FYLTE TORGET MED JULESONG: Borna i Haugane barnehage klarte å fylla torget med juletonar- og ord, då dei mellom anna song Glade jul klart og tydeleg medan dei gjekk kring juletreet. (Bilde: Snorre Sandemose )
OGSÅ SMÅSKULEN: Litt seinare ut mot føremiddagen kom småskuleelevar ned til juletreet og song (Bilde: Snorre Sandemose)
(Bilde: Snorre Sandemose)
ATTENDE: Etter å ha sunge nokre songar, rusla skuleungane heimover mot Farnes skule att (Bilde:  Snorre Sandemose)

Dei trur julenissen kjem, så sant han ikkje får det for travelt

Tysdag morgon gjekk barnehageungar i Årdal rundt julegrana for å koma i den rette steminga. To av dei kan fortelja at dei gler seg til å sjå nissen.

Årdal: Ola og Aurora var to av barnehageungane som gjekk rundt juletreet på torget i Øvre Årdal tysdag morgon.

– Me song om nissen, fortel Ola.

Begge synest det var kjekt å gå rundt treet. Ikkje minst har dei tru på at dei snart skal få møta nissen, så få dagar som det er att før jul.

– Ja, om han ikkje har det so travelt, seier Aurora. 

SÅ GÅR VI RUNDT...: Ikledde vinterdressar og refleksvestar gjekk borna og dei vaksne frå barnehagen i lag rundt treet tysdag morgon.
SÅ GÅR VI RUNDT...: Ikledde vinterdressar og refleksvestar gjekk borna og dei vaksne frå barnehagen i lag rundt treet tysdag morgon. Bilde: Snorre Sandemose 

– Og so kjem han inn i barnehagen òg, seier Ola.

– Når kjem han?

– Han skal koma i morgon (onsdag), seier Ola.

Syntest treet var svært

Aurora seier at han kjem på torsdag, for då skal det vera nissefest. Juletrefest har dei alt hatt.

Like fullt har dei ikkje juletre i barnehagen.

– Tykte de juletreet her ute var fint?

Det er i alle fall ganske høgt, seier Aurora.

– Det går høgt opp i himmelen, seier Ola.

Travel dag for julegrana

I Haugane barnehage har dei brukt desember til å koma i adventsstemning. Tysdag morgon gjekk turen til torget i Øvre Årdal.

– Dei fleste borna har alt sett grana. So me sa til dei «at no skal me gå ned til det store juletreet» fortel Janne Jevnaker, ein av dei tilsette i barnehagen.

Seinare på føremiddagen var det elevar frå Farnes skule sin tur til å gå rundt treet.

Mellom anna song dei Glade jul, På låven sitter nissen og fleire andre songar.

Til toppen