REKORD: Eli Helga Grimsen og Terje Kjørnes ved Kjørnes camping opplever nok eit år med rekordgode tal. Terrofrykt i Europa er noko av årsaka til veksten.
REKORD: Eli Helga Grimsen og Terje Kjørnes ved Kjørnes camping opplever nok eit år med rekordgode tal. Terrofrykt i Europa er noko av årsaka til veksten.

Dei trur terrorfrykt er noko av forklaringa bak ein ny rekordsesong​

– Det er mykje uro elles i verda. Eg trur folk søkjer litt tryggleik, fred og ro, seier Eli Helga Grimsen ved Kjørnes Camping i Sogndal.

Sogndal: Fjorårets rekordår ser allereie ut til å bli toppa for den idylliske campingplassen i Sogndal.

–  Det blir nok den beste sommaren nokon gong, både når det gjeld omsetning og gjestedøger, seier Terje Kjørnes ved Kjørnes camping i Sogndal.

Internasjonal vekst i turismenæringa, gunstig kronekurs og langsiktig marknadsføring av fjordane er framleis dei viktigaste forklaringane til auken. Men i år har det kome ein ny faktor inn i biletet. 

Fleire islamistiske terroråtak har det siste året skaka Europa. Det har òg sett sitt preg på ferieplanane til folk.

– Det gjer at folk ikkje nødvendigvis oppsøker dei største turiststadane og byane, trur Eli Helga Grimsen.

Gode tider i overnattingsbransjen

Ho får støtte av Ståle Brandshaug i Visit Sognefjord. 

– Det er litt terrorfrykt i sør og det gjer at folk snur og vel å reisa nordover i staden, mot Skandinavia. Og der er Norge og fjordane vekstvinnarar, seier han.

VEDVARANDE VEKST: Ståle Brandshaug i Visit Sognefjord trur den gode trenden i reiselivet vil vare ved.
VEDVARANDE VEKST: Ståle Brandshaug i Visit Sognefjord trur den gode trenden i reiselivet vil vare ved.

Det er ikkje berre campingplassane som gjer det bra. Brandshaug seier det gjeld generelt for dei som driv med overnattingar.

– No har me ikkje snakka med alle, men dei vi har snakka med har hatt gode tal i år. Mange har hatt fullt i juni og juli, seier Brandshaug.

Han trur vi berre har sett starten på ein langvarig opptur i reiselivet. Og då er det sjølvsagt fleire faktorar enn berre terrorfrykt som spelar inn.

Spår nye rekordar neste år

Brandshaug trekkjer fram fem punkt som både forklarer årets oppgang og kvifor den truleg vil vare ved:

  • Internasjonal turisme er i vekst med 5-6 prosent i året. Noreg tek sin del av kaka.
  • ​God marknadsføring av fjordane gjennom mange år har skapt permanent reiselyst i marknader som Europa, Asia og USA.
  • Fleire av landa som fekk merke finanskrisa, som USA, Spania og Tyskland, har fått stabilisert økonomien. Folk har igjen råd til å reise.
  • Terrorfrykt i Europa gjer at folk søkjer mot Skandinavia.
  • Gunstig kronekurs. 

​– Alt tyder på at me kjem til å snakka om nye rekordar neste sommar òg. Det er vanskeleg å spå, men eg trur me vil sjå nesten like stor vekst neste år, året etter der og året etter der. Eg trur me er inne i fire-fem-seks gode år no, seier Brandshaug.

Til toppen