ENGASJERTE ELEVAR: Bak frå venstre Kåre Mentz Lysne, førstekandidat Lærdal Arbeidarparti, Øyvind Hamre, andrekandidat Lærdal Sosialistisk Venstreparti, Trond Øyen Einemo, førstekandidat Lærdal Høgre, Frode Myklkebust, førstekandidat Lærdal Venstre og Jan Geir Solheim, førstekandidat Lærdal Senterpari. Framme frå venstre Pia Nemeth, Olaug Gram, Ingrid Gram, Stine Yttri Voldum, Sigve Opdal, Sara-Sofie Hegg, Ingvar Opdal og Tore Skårheim. Foto: Ina Eirin Eliassen
ENGASJERTE ELEVAR: Bak frå venstre Kåre Mentz Lysne, førstekandidat Lærdal Arbeidarparti, Øyvind Hamre, andrekandidat Lærdal Sosialistisk Venstreparti, Trond Øyen Einemo, førstekandidat Lærdal Høgre, Frode Myklkebust, førstekandidat Lærdal Venstre og Jan Geir Solheim, førstekandidat Lærdal Senterpari. Framme frå venstre Pia Nemeth, Olaug Gram, Ingrid Gram, Stine Yttri Voldum, Sigve Opdal, Sara-Sofie Hegg, Ingvar Opdal og Tore Skårheim. Foto: Ina Eirin Eliassen

Dei unge ønskte svar frå politikarane

Lokalpolitikarane måtte svara for seg då elevar på Borgund skule spurde dei ut om basseng, samfunnshus, skuleskyss og skule. I tillegg tok politikarane turen til Lærdalsøyri skule.

Åtte elevar frå 5. til 7. klasse ved Borgund skule har i samfunnsfag jobba med ulike tema knytt til kommunevalet og korleis ein kommune blir styrt.

LÆRING: Lærarane Linda Maristuen og Oddmund Einemo undervisar mellomtrinna på Borgund skule i samfunnsfag. 
Foto: Ina Eirin Eliassen

– Då eg var på deira alder, visste eg ikkje så mykje, men dette er ein heilt annan generasjon. Det har vore ein fryd å jobba med elevane om valet. Me må nok rekne med at me har nokre gryande politikarar her, seier lærar Oddmund Einemo. 

Har sett seg inn i valsakene

Elevane hadde både google kandidatane og sett seg inn i sakene i Lærdal. Det gjaldt både for skule og barnehagen framover og utvikling av bygda. I tillegg hadde dei prøvd å slå saman Lærdal med forskjellige kommunar, gjennom kommunebyggaren i Bergens Tidende, noko som synte at Lærdal ikkje var ein gustig partner på grunn av den høge gjelda. 

BASSENGET: Pia Nemeth lurte på om elevane på Borgund får att bassenget sitt. 
BASSENGET: Pia Nemeth lurte på om elevane på Borgund får att bassenget sitt. 

Må me forsetta å bade i elva?

Måndag var politikarane invitert til Borgund skule, der kvar av elevane hadde førebudd spørsmål som opptek dei. 

– No har me bada i elva to gonger i år, då me står utan bassenget vårt. Bassenget skal no bli opna midlertidig, men har de tenkt å legga av pengar til ei skikkeleg opprusting, spør Pia Nemeth. 

Politikarane svarte dei ville strekke seg langt for å få eit godt badebasseng også på Borgund, om pengane strekk til mot andre prioriteringar. Jan Geir Solheim, ordførar og førstekandidat for Lærdal Senterparti, var samd i at det ikkje er akseptabelt å bruka tre timar for å reise å ha symjeundervisning på Lærdalsøyri. 

– Det er dyrt å køyra buss også, i tillegg er det fleire som nyttar bassenget her. Tala syner at det blir billigare enn me først trudde å ruste opp bassenga på Borgund og på Lærdalsøyri, så eg trur me alle er einige om at her må me finna ei god løysing, seier han. 

MYKJE ER OPP TIL ØKONOMIEN: Er det avsett pengar til samfunnshuset til Borgund? Kva vil de gjera med Kosen? Kvar kjem tunnelen på Ljøsne ut? Det var nokre av spørsmåla som elevane på Borgund skule stilte toppkandidatene før årets kommuneval.
MYKJE ER OPP TIL ØKONOMIEN: Er det avsett pengar til samfunnshuset til Borgund? Kva vil de gjera med Kosen? Kvar kjem tunnelen på Ljøsne ut? Det var nokre av spørsmåla som elevane på Borgund skule stilte toppkandidatene før årets kommuneval.

Kva med skule og barnehage?

Øyvind Hamre, andrekandidat i Lærdal SV, måtte svara på om barnehagen blir flytt inn på skulen på Borgund, kva skal barnehagen brukast til då, og om det då framleis vil vera plass til dei på mellomtrinnet.

KVA MED KOSEN?: Ingrid Gram fekk lovnadar frå politikarane om at dei vil finne ein betre egna plass til ungdomsklubben Kosen.
– Kosen vart til gjennom ungdomsrådet og elevrådet. Me vil ha engasjement frå dykk om kva de vil ha og kor hen, seier Trond Øyen Einemo, førstekandidat i Høgre, som var ein av fleire som ønska at ungdomsrådet kjem i gang att. Foto: Ina Eirin Eliassen

– Kanskje må me sjå på å selja barnehagen, slik at den kan gi inntekter og bli nytta til anna bruk. Men sjølv om ein flytt barnehagen inn på skulen, skal det vera plass til dykk, seier Hamre (SV).

Og sjølv om Stine Yttri Voldum lurte på om elevar frå Ljøsne kjem til Borgund om Ljøsne skule blir lagt ned, var det ingen av politikarane som ville svara konkret på kva som skjer med ny skulebruksplan, då den skal ut på høyring i haust og bli avgjort av det neste kommunestyret. 

– Det er viktig at innbyggarane kjem med innspel slik at me finn den beste løysinga, seier Kåre Mentz Lysne, førstekandidat Lærdal Ap.  

Både Ap, SV og Sp var klare på at dei ønsker tre oppvekstsenter i kommunen. 

Ikkje klar over at skuleskyssen 

Sigve Opdal, lurte på kvifor ungdomselevane på Borgund må køyre Moldasida når dei skal til Øyri, medan Sara-Sofie Hegg lurte på kvifor ungdomsskuleelevane må køyra buss ned på Ljøsne, så bytta buss og opp til Saltkjelen for å henta dei andre elevane, før dei køyrer ned til Øyri. 

Dette var spørsmål som var vanskeleg å svara på for politikarane og det var tydeleg at ikkje alle var klar over kor tungvinn ordninga er for elevane. 

– Me må kunne godta nokre stopp, men ikkje omvegar og ein så lang tur. Det er ikkje bra at det er slik. Eg er glad de tek dette opp, seier Solheim (Sp).

– Dette må me kunne ta med til administrasjonen for å gjera noko med, seier Trond Øyen Einemo, førstekandidat for Lærdal Høgre. 

Fekk til hastedebatt også på Øyri

Lokalpolitikarane tok kontakt med Lærdalsøyri skule, som fekk 20 minutt på seg til å samle ungdomskulen til utspørjing av politikarane. Det var ei utfordring dei tok på strak arm, og ein stor gjeng med elevar satt klare då politikarane kom.

– Me takka ja og tykkjer det er flott me også fekk til ei utspørjing her, seier rektor  ved Lærdalsøyri skule, Terje Horvei.

Her var det skibuss, Kosen ungdomsklubb, kva eigedomskatt på hus skal vera godt for, kor stor eigentleg gjelda til kommunen er, skulebruksplan og kommunereform som var sentrale spørsmål.

Ungdommane vart også utfordra av politikarane til å engasjere seg, slik at ein får ungdomsrådet opp på beina att. 

UTSPØRJING PÅ ØYRI: Ungdomskuleelevane på Lærdalsøyri skule fekk også moglegheiten til å stille spørsmål direkte til toppkandidatane før kommunevalet.
UTSPØRJING PÅ ØYRI: Ungdomskuleelevane på Lærdalsøyri skule fekk også moglegheiten til å stille spørsmål direkte til toppkandidatane før kommunevalet.
Til toppen