SIGERSTALE: Olav Arild Barsnes og Maria Collett Knagenhjelm (frå venstre) tek imot beviset på at deira kommunevåpen gjekk til topps. Sander Osen Låksrud (i midten) vart nummer tre i avstemminga. Varaordførar Trude Risnes og i Leikanger kommune og ordførar Jarle Aarvoll i Sogndal kommune til høgre.
SIGERSTALE: Olav Arild Barsnes og Maria Collett Knagenhjelm (frå venstre) tek imot beviset på at deira kommunevåpen gjekk til topps. Sander Osen Låksrud (i midten) vart nummer tre i avstemminga. Varaordførar Trude Risnes og i Leikanger kommune og ordførar Jarle Aarvoll i Sogndal kommune til høgre. (Foto: Sogndal kommune)

Dei vann konkurransen om å designa våpenet til nye Sogndal kommune

Men enno er det fleire rundar før den endelege varianten blir landa.

Leikanger: Måndag vart vinnaren kåra i idèkonkurransen der oppgåva var å teikna våpenet til nye Sogndal kommune. 

– Det byrja som ei morsom idè. Eg trudde faktisk ikkje at me skulle vinna, for det var så mange gode forslag. Mange av dei kunne ha utkonkurrert vårt, synst eg, seier Maria Collett Knagenhjelm.

VINNAR: Fjord, fjell og ein bauta av Maria Collett Knagenhjelm og Olav Arild Barsnes vart best likt av folket.

Ho og Olav Arild Barsnes gjekk til topps med framstillinga av ein bautastein med fjell og fjord i bakgrunnen. Over tre hundre forslag hadde kome inn til konkurransen, og dei tjue beste vart plukka ut til ei avstemming. Til saman 2826 personar røysta fram vinnarane.

– Det er å bidra til identitetsbygginga i den nye storkommunen er ei stor ære, seier Knagenhjelm.

Håpar folket blir høyrt

At idèkonkurransen er over betyr ikkje at det nye kommunevåpenet er klart til å bli teke i bruk. Nye Sogndal kommune har allereie hyra seks profesjonelle designarar til å vidareforedla vinnarbidraget. Det var eit krav å bruka eitt eller fleire element frå folkefavoritten.

Av ei rekkje utkast har seks blitt plukka ut og vil bli sendt på høyring til 20. oktober. Originalen er framleis med i konkurransen.

– Mange av dei er gode tolkingar, men det betyr litt at folket stemte fram den dei gjorde, og eg synst at komiteen bør ta mest mogleg omsyn til dèt. Men eg skjønnar at det er ei vanskeleg oppgåve, seier Knagenhjelm.

TIDLEG UTE: Per Christian Grov frå Borgund lanserte på eige initiativ desse forslaga til namn og våpen tidleg i 2017. Foto: ArmeniaWear

Lenge leve det nye våpenet, eller?

Etter høyringa skal ein jury på fem innstilla ein vinnar til fellesnemnda. Ho skal handsama saka 6. desember, før avgjerda kjem i dei tre kommunestyra 13. desember.

– Kommunestyret er dei folkevalde, så eg er sikker på at det blir ein flott kandidat til slutt, seier Knagenhjelm.

Ho håper politikarane går for eit våpen som ikkje går ut på dato med det første. Men ho er uansett klar om det skulle bli naudsynt med ei snarleg utskifting. 

– Me sjå om Luster vil slå seg saman med om nokre år. Då bør me byrja på skrætsj, så kanskje det blir ein ny konkurranse, seier ho.

Dei to andre pallplassane vart okkuperte av Helge Grønningssæter med Sognejekt og skuleeleven Sander Osen Låksrud frå Kaupanger med Tre eple på varm gulfarge.

NUMMER TO: Sognejekt av Helge Grønningssæter.
NUMMER TRE: Tre eple på varm gulfarge av Sander Osen Låksrud.
Til toppen