STJERNETREFF: Som premie i ein vervekampanje fekk Sogndal SU torsdag eit inspirerande føredrag av stortingsrepresentant Heikki Holmås (SV). Frå venstre: Vemund Saltnes, Sara Lysgård, Otelie Auflem Tenden, Heikki Holmås, Tiril Risnes Øyre, Hedda Hellum Jamtli og Malin Feiring Torre.   
STJERNETREFF: Som premie i ein vervekampanje fekk Sogndal SU torsdag eit inspirerande føredrag av stortingsrepresentant Heikki Holmås (SV). Frå venstre: Vemund Saltnes, Sara Lysgård, Otelie Auflem Tenden, Heikki Holmås, Tiril Risnes Øyre, Hedda Hellum Jamtli og Malin Feiring Torre.   

Dei vann vervekonkurranse – ​fekk Heikki Holmås i premie

– Eg set pris på å bli lodda ut, seier stortingsrepresentanten.

Sogndal: Sogndal Sosialistisk Ungdom er det av ungdomslaga til SV som har hatt størst prosentvis auke i medlemstalet det siste året. Premien var å få høyre Heikki Holmås snakke om internasjonal solidaritet.

– Det er veldig kjekt å vere tilbake i Sogndal og treffe ungdommen som har jobba for å gjere SU stort og sterkt, seier premien sjølv.

Det er faktisk ikkje første gong Heikki Holmås fyller den rolla. I samband med P3-aksjonen i 2012 vart det halde ein internettauksjon der budvinnaren fekk ein kveld med den dåverande utviklingsministeren. 

– Eg set pris på å bli lodda ut, konstanterer Holmås.

Les også: Talet fattige barn aukar òg i Sogn – ho vil doble barnetrygda​
Les også: Denne skulen i Sogndal kan bli brennheitt stoff i valkampen

Sogndal SU vart skipa i haust og har no tjue personar på medlemslista. Hedda Hellum Jamtli, fylkesleiar for Sogn og Fjordane SU, har det midlertidige leiarvervet inntil styret har fått valt ein ny.

– Det er veldig gøy at ein person frå Stortinget kjem til eit nyoppstarta SU-lag i Sogn og Fjordane, seier ho.

Også moderpartiet i bygda var på plass, representert ved Vibeke Johnsen. Ho seier eit sterkt ungdomsparti er viktig fordi dei er tettare på utfordringane andre unge har i kvardagen, samstundes som dei er eit viktig korrektiv til «vaksenpartiet». 

– Vi må unngå at vi blir for einige med oss sjølve. Det er noko av det som er bra med å ha med ungdom, seier ho.

Til toppen