KRONEIS OG KRONEFORVALTNING: Hilmar Høl (Ap) trur dei vanskelege åra er i vente for Årdal no som kommunen er ute av Robek. Dei folkevalde fekk passande nok påspandert ein kroneis av ordføraren då dei jobba med økonomi og handlingsplan for dei neste åra. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
KRONEIS OG KRONEFORVALTNING: Hilmar Høl (Ap) trur dei vanskelege åra er i vente for Årdal no som kommunen er ute av Robek. Dei folkevalde fekk passande nok påspandert ein kroneis av ordføraren då dei jobba med økonomi og handlingsplan for dei neste åra. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

– Dei vanskelegaste åra kjem etter Robek​

Hilmar Høl (Ap) er klar på at den viktigaste oppgåva til Årdal kommune no er å skape stabilitet i økonomien.

Årdal: Formannskapet i Årdal er gong med arbeidet med økonomi- og handlingsplan for åra som kjem fram til 2020. Med streng økonomisk disiplin siste åra, kan kommunen endeleg vinke farvel til Robek-spøkelset.

Dette har ført til eit etterslep på mange område som skrik etter vedlikehald og fornying. Det er no den vanskelege tida kjem, åtvarar Høl.

– Eg set min lit til administrasjonen. Me har vore nøydde til å levere. Eg har alltid sagt at det er åra etter Robek som er dei mest vanskelege. Eg har sut for alle område, men me må gjere kutt likevel for å koma ut av denne situasjonen og oppnå stabilitet. Det må me få til i tre år på rad før me oppnår det, seier han.

Potensiale på 15 millionar

Samanlikna med andre kommunar som liknar på Årdal og i fylket elles ligg det eit potensial på 15 millionar kroner i innsparing i Årdal. Til 2017 låg det først og fremst ei utfordring på rundt 7 millionar kroner. Dette fann administrasjonen ei løysing på. 

No som kommunen kan stemple ut av Robek-lista, kan dei også ta opp lån til investeringar. Investeringsbudsjettet fekk mykje merksemd i førre arbeidsmøte. Totalt ligg det inne investeringar på 44 millionar kroner frå 2017 til 2020. I utgangspunktet skulle halvparten av desse investerast allereie i første år.

– Eg meiner investeringslista er for høg første år og burde jamnast ut. Samstundes set me lit til at administrasjonen gjer dei vurderingane som skal til. Eg har full tillit til det dei legg fram. Det er no utfordringane byrjar. Det er sikkert strengt å seia det, men eg kjem til å visa lojalitet til det som blir lagt fram første året, held Høl fram. 

Artikkelen held fram under biletet.

SPANDERTE: Medan sola stod på utanfor kommunestyresalen, handsama dei folkevalde budsjettet for dei komande åra med ein is i handa påspandert av ordførar Arild Ingar Lægreid.
SPANDERTE: Medan sola stod på utanfor kommunestyresalen, handsama dei folkevalde budsjettet for dei komande åra med ein is i handa påspandert av ordførar Arild Ingar Lægreid.

Etter ein halvtimes pause, der administrasjonen fekk sjå nærare på budsjettet, fekk dei folkevalde, passande nok med ei kroneis i handa, presentert eit utjamna investeringsbudsjett.

Dessutan var det nokre prosjekt som måtte takast ut frå investeringsbudsjettet fordi det vert rekna som vedlikehald, noko ein ikkje kan ta opp lån på. Det skapar nye utfordringar på drift. I tillegg var det ei handfull prosjekt som ikkje var kostnadsrekna, som inneklima på Tangen skule, oppgradering av Storevegen 2 og ombygging av Tangenvegen 14.

Følgjer dei store pengane

Rådmann Olve Fossedal var klinkande klar, slik han alltid har vore, på at han vil finne pengar der pengane er. 

– Det som har vore utfordringa fram til no er å lage ei innretning på kutta, og så er det opp til det politiske å seie noko om dei vil akseptere dette. Me må konsekvensvurdere om kuttprofilen let seg gjennomføre. 

– No syner me ein kuttprofil, og det burde ikkje vere noko overrasking at rådmannen føreslår å kutte der pengane er, som er på omsorg og undervisning. Der har me betydelege avvik samanlikna med liknande kommunar. 

Når formannskapet møtest att den 31. mai, skal dei sjå på det ein siste gong før det vert lagt ut på høyring i to veker. Den 16. juni skal saka handsamast og godkjennast av kommunestyet. 

Til toppen