RADARPAR: Det gode samarbeidet mellom assistent Terje Skjeldestad og hovudtrenar Eirik Bakke har fått mykje av æra for framgangen til Sogndal det siste halvanna året. 
RADARPAR: Det gode samarbeidet mellom assistent Terje Skjeldestad og hovudtrenar Eirik Bakke har fått mykje av æra for framgangen til Sogndal det siste halvanna året. 

Dei var kameratar i oppveksten, no står dei saman på sidelinja

Dei kjenner kvarandre betre enn eit gamalt ektepar. No skal klubblegendene Terje Skjeldestad og Eirik Bakke ta samarbeidet til nye høgder.

Sogndal: Dei har lagt bak seg halvannan sesong som hovudtrenar og assistent. No ventar tre nye år. Men historia til Eirik Bakke og Terje Skjeldestad går lenger tilbake enn som så.

– Me har kjent kvarandre sidan me var små og har spelt fotball saman opp gjennom åra. Me kjenner kvarandre sine sterke og svake sider og utfyller kvarandre godt, seier Eirik Bakke. 

– Det er viktig for meg å ha med folk som har vore med på det før, som har kjent på presset når det går litt i mot. Det har Terje opplevd, meir enn kva eg har gjort i denne rolla, seier han.

Les også: Slik skal Sogndal takle medgangen
Les også: To kanonskot fekk Sogndal ned på jorda

Opptekne av utvikling

Det er ein duo med sjølvtilliten i orden me møter. Det siste halvanna året har det meste har gått på skinner. Tysdag vart det kjent at dei to barndomskameratane er belønna med tre nye år bak roret på sogndalskuta.

– Det er klubben som skal vere glad for det, seier Bakke på spørsmål om han set pris på tilliten.

Mest på spøk, sjølvsagt. Men han og teamet har verkeleg utretta mykje på kort tid. Først opprykk, så imponerande spel og rekordmange kampar utan tap i eliteserien. Utan at dei på nokon måte tek suksessen som ein sjølvfølge. 

– Blir du nøgd, så blir du fort forbigått i dette gamet. Me skal utvikla spelet, oss sjølve og kvarandre, seier Skjeldestad.

– Me er stort sett samstemde 

Sportssjef Håvard Flo trur duoen er nøkkelen til oppturen Sogndal no opplever.

– Det å sette dei to saman har vore ei utruleg drivkraft for klubben, seier han.

FULL AV ROS: Sportssjef Håvard Flo er full av lovord om det Eirik Bakke og Terje Skjeldestad har utretta saman.
FULL AV ROS: Sportssjef Håvard Flo er full av lovord om det Eirik Bakke og Terje Skjeldestad har utretta saman.

– Det at dei kjenner kvarandre så godt, gjer at dei stolar på kvarandre. Det gjer at dei gjerne kan kvesse til litt når det trengst, utan at det blir noko problem. Så den relasjonen er nok veldig viktig, seier Flo. 

Skjeldestad trur òg venskapet har betydning, men understrekar at det ikkje er noko nytt i klubben. Som eit eksempel dreg han fram Svein Bakke og Rolf Navarsete, to kompisar som saman skapte den klubben Sogndal er i dag. 

– Det er greitt å kjenna kvarandre, for då veit me kvar me har kvarandre. Om det no har vore noko, diskusjonar eller kva det er, så slepp me å gå og gnaga på det, seier Skjeldestad.

– Me er stort sett samstemde. Viss ikkje, så blir me alltid einige, utfyller Bakke. 

Bergar fylkesprofilen frå sidelinja

Ikkje minst er dei to eit høveleg symbol på ein klubb med røtene godt planta i lokalmiljøet. For om det har vore litt manko ute på bana, dominerer det lokale preget på sidelinja. 

LOKAL PROFIL: Det er ikkje mange av dei att, men kaupingen Kristian Fardal Opseth (til venstre med ryggen til) og årdølen Henrik Furebotn (til høgre) er i allefall to representantar frå Sogn ute på bana. I støtteapparatet er situasjonen langt betre stilt. 
LOKAL PROFIL: Det er ikkje mange av dei att, men kaupingen Kristian Fardal Opseth (til venstre med ryggen til) og årdølen Henrik Furebotn (til høgre) er i allefall to representantar frå Sogn ute på bana. I støtteapparatet er situasjonen langt betre stilt. 

Rett nok med innslag av ein og annan bergensar, men dei fleste i trenarteamet og apparatet rundt er anten sogningar eller fjordingar.

Bakke og Skjeldestad vaks altså opp saman i Sogndalsfjøra, sjølv om sistnemnde etter kvart gjorde kauping av seg for ein periode. Begge starta a-lagskarriera i Sogndal som femtenåringar tilbake i 1993 og har sidan spelt hundrevis av kampar for klubben.

– Det betyr mykje for den drivkrafta dei har, seier Håvard Flo, sjølv frå Stryn.

– Dei har vokse opp i klubben og kjenner den inn og ut. Som så mange andre som jobbar her, så har dei eit sterkt eigarforhold til Sogndal Fotball. Klubben betyr veldig mykje for dei, seier Flo. 

– Å ha tilhøyrigheit i bygda er viktig for ein plass som Sogndal. Men det viktigaste, om me er lokale eller ikkje, er at me har noko å bidra med, seier Bakke.

Til toppen