PRISVINNANDE: nLink frå Sogndal har laga ein robot som automatiserer arbeidet med å bore hol i betongtak. Målet er å revolusjonere byggjebransjen. Foto: nLink.
PRISVINNANDE: nLink frå Sogndal har laga ein robot som automatiserer arbeidet med å bore hol i betongtak. Målet er å revolusjonere byggjebransjen. Foto: nLink.

Dei vart kåra til årets gründerar

nLink frå Sogndal er kåra til årets gründer i Sogn og Fjordane. – Målet er å revolusjonere byggjebransjen. Og det trur vi at vi skal klare, seier den daglege leiaren.

Florø: Prisen er eit samarbeid mellom Sparebanken Sogn og Fjordane, Innovasjon Norge, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Framtidsfylket. 

Den vart delt ut i Florø i dag og i potten låg 100 000 kroner, for ikkje å snakke om motivasjon til å stå på vidare.

Håvard Halvorsen er dagleg leiar selskapet bak den nyskapande boreroboten.  

– Det er stas og ikkje minst uventa i eit så tøft felt, med mange verdige kandidatar, seier han.

– Ei slik merksemd betyr mykje og gir oss enno meir tru på at vi vil lukkast. Det hjelper sjølvsagt òg på økonomisk og er ein positiv boost, som aukar sjansane våre enno litt meir.

Les også: Robotar frå Sogndal får hjelp av EU til å erobre verda

FOR SAL: nLink har allereie ein robot ute på marknaden. Den borer hol i betongtak på byggjeplassar, medan handtverkaren berre kan stå og sjå på.
FOR SAL: nLink har allereie ein robot ute på marknaden. Den borer hol i betongtak på byggjeplassar, medan handtverkaren berre kan stå og sjå på.

Satsar internasjonalt

Det er ein gjeng som ikkje er framand for å vinne prisar. Faktisk vann dei same prisen i 2012, men då i undomskategorien. På den tida har verksemda teke nye steg, ikkje minst internasjonalt. 

– Framtida ser lys ut. Dei tekniske løysingane fungerer godt, vi har hatt demoar fleire stader i verda og nøgde kundar som ønskjer å samarbeide vidare, seier Halvorsen.

– No blir det å gire opp enno meir og å dette ut i verda.

Målet er altså å revolusjonere byggjebransjen ved hjelp av robotteknologi. Selskapet har visjonar om å utvide bruksområda til å omfatte meir enn å berre bore hol i tak.

– Når vi har fått dette ut, så kjem vi til å sjå på korleis vi kan bruke teknologien på andre område i bransjen. Alt repetetivt arbeid som slit på helsa til folk og som har stor marknad, er interessant, seier Halvorsen. 

Dette var dei andre kandidatane: 

  • INTIN frå Førde er ein av dei leiande leverandørane av smarthusløysingar. Satsar no òg på smartparkering utandørs.
  • Lefdal Mine Datacenter frå Eid tilbyr lagring og drift av dataserverar på ein miljøvenleg måte i dei gamle gruvene.
  • Tibber er ein app om kjøper inn og styrer straumen for deg basert på bruksmønster og vêrforhold. Edgeir Vårdal Aksnes frå Vik er dagleg leiar i selskapet.
  • Remb Technologies frå Florø har utvikla ei ny effektiv løysing for utplassering av dokkstøttene når eit skip skal i tørrdokk.
Til toppen